Ole N. Dannemark (1819–1874)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ole N. Dannemark (1819-1874)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Nilsen Dannemark og Ingeborg Torstensdotter Dannemark.

Ole Nilsen Dannemark (fødd 3. februar 1819, død 25. desember 1874) var gardbrukar og tømrar.[1][2][3] Han var fødd i ein husmannsplass under Strand i Sigdal. Foreldra var husmannsfolka Ragne Jonsdotter Brubråtan og Nils Halvorsen.[4] Han gifta seg i 1845 med Ingeborg Torstensdotter Skårshagan (1822–1909) frå Eggedal. Dei fekk tre døtrer og fire søner. I 1846 kjøpte dei den vesle garden Søre Dannemark med Bergerud på Rundskogen i Krødsherad av moster til Ingeborg og mannen hennar. Garden vert ofte kalla Inngjerdinga. Garden vart overdregen til eldste sonen i 1887. Det er ikkje lenger nokon av etterkomarane som eig garden.

Ole N. Dannemark dreiv mykje med tjærebrenning[5] og var tømrar og snikkar i tillegg til å drive garden. Han laga òg jordbruksreiskapar i tre.[6] Andreas Mørch skriv i Krødsherads gards- og slektshistorie: «Ole Nilsen var en kjent tømmermann. Dette yrket gikk i arv til etterkommerne, flere kjente handverkere».[3] Det er mange tømrarar og snikkarar mellom etterkomarane hans.[7][8][9][5]

Ole N. Dannemark var leiar for ei av dei sju arbeidarforeiningane som vart stifta i Krødsherad i 1849. Desse foreiningane var ein del av Thranerørsla.[10] Det kommunale sjølvstyret som vart innført i 1837, innebar at ein del av innbyggjarane i Noreg fekk høve til å vera med på å styre kommunale saker. Ein ganske stor del vart ståande utanfor dette. Fyrst og fremst alle kvinnene, men også dei mennene som ikkje åtte eller bygsla jord, hadde eller hadde hatt eit embete, var byborgarar med ein eigedom av ein viss storleik eller såkalla rettigheitsmenn i Finnmark. Marcus Thrane grunnla ei rørsle for å betre kåra for husmenn og arbeidarar sist på 1840-talet. Thranerørsla hadde allmenn røysterett som eit langsiktig mål. Samstundes arbeidde dei for å betre sosiale og rettslege tilhøve for husmenn og arbeidarar.[11] Thranittane fekk ikkje gjennomslag for ideane sine, og Marcus Thrane og 149 andre medlemer av rørsla vart dømde for ulydnad mot styresmaktene eller for forsøk på å endre statsforfatninga ved ulovlege middel. Fleire av leiarane og Marcus Thrane sjølv vart dømde utan at dei vart funne skuldige i straffbare handlingar, og dommen mot Thrane vert i dag omtalt som justismord.[11][12] I Krødsherad vart det som nemnt stifta sju Thrane-foreiningar. Desse foreiningane hadde 115 innskrivne medlemer. Av desse var det rundt 36 som fylte krava for å få røysterett, resten var husmenn, handverkarar og strandsitjarar. Ole N. Dannemark åtte jord og hadde difor røysterett. Han vart seinare innvald i heradsstyret i Sigdal (Krødsherad var ein del av Sigdal herad fram til 1901) og sat i heradsstyret 1867–71. Også tre andre av dei rundt 36 som fylte krava for å få røysterett, vart innvalde i heradsstyret i Sigdal, Gul B. Flatin, Harald Hagen og Truls C. Rund. Harald Hagen sat òg i formannskapet.[13] Mona R. Ringvej skriv at møteaktivitetane og avisa til Thrane-foreiningane var ein del av eit opplysningsprosjekt. Ho skriv vidare at husmenn og arbeidarar skulle dannast til borgarar som kunne vera med i offentleg styre.[14] Det er ikkje urimeleg å sjå på deltakinga til desse kryllingane i Thrane-rørsla som ei skolering som kunne vera med på å kvalifisere for verv som heradsstyremedlem..

Referansar

  1. Sigdal kirkebøker, G/Ga/L0001: Klokkerbok nr. I 1 /1, 1816-1835, s. 34-35. Digital tilgang https://media.digitalarkivet.no/view/8505/19
  2. Ministerialbok for Krødsherad, Digital tilgang https://media.digitalarkivet.no/view/5883/58
  3. 3,0 3,1 Andreas Mørch (1974): Krødsherad.Bd. 1. Gard og slekt. Krødsherad kommune, s. 347
  4. Andreas Mørch (1965): Sigdal og Eggedal. Bd. 5. Bygdehistorie, s. 1665. Drammen: Sigdal og Eggedal historielag
  5. 5,0 5,1 J.B.: Tradisjon på gammel ættegård på Rundskogen. Drammens Tidende og Buskeruds Blad 22.oktober 1970
  6. Andreas Mørch (1976): Krødsherad. Bd.2. Bygdehistorie. Krødsherad kommune, s.102
  7. Andreas Mørch(1976). Krødsherad. Bd. 3.Bygdehistorie, s. 799
  8. www.budstikka.no › rud-videregaende-skole › yrkesfag › mobelsnekker
  9. https://www.utdanningsnytt.no/fagartikkel-yrke---forside/tar-laeretiden-i-england--og-stortrives-med-det/104745
  10. Andreas Mørch (1976): Krødsherad. Bygdehistorie. Krødsherad kommune, s. 580-581
  11. 11,0 11,1 https://snl.no/Arbeiderforeningene_-_Thranebevegelsen
  12. http://prosa.no/kritikk/det-demokratiske-korrektiv
  13. Andreas Mørch (1976): Krødsherad. Bind II og III[1.]Bygdehistorie, s.581-585. Krødsherad kommune.
  14. Mona R. Ringvej Marcus Thrane. Forbrytelse og straff. Pax Forlag, 2014

Litteratur og kjelder