Hassvikvegen

Hassvikvegen i Fjågesund i Kviteseid kommune går sørover frå krysset med Fjågesundvegen og Hauganvegen til Straumen ved Fjågesund brygge. Vegen har også ei nordgåande grein til garden Fjågesund Sudigard og ei sørgåande mot Fjågesund kyrkje. Han er alt i alt kring 860 meter lang.

Hassvikvegen med Fjågesund kyrkje sett frå Fjågesundvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Nær enden fører ein stikkveg ned til Fjågesund brygge og til nr. 56, eigedomen «Vestli». I 2023 blei denne vegstubben restaurert av VG2, anleggsteknikk ved Nome vidaregåande skule, avd. Lunde.

Vegen har namn etter plassen Hassvik under Fjågesund.

Galleri

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Loupedalen, Torjus: Kviteseid bygdesoge I, ættesoga. Eigi forlag 1956. S. 696.


Koordinater: 59.30473° N 8.69613° Ø