Haugvegen (Bø i Telemark)

Haugvegen på Langkåshaugen i i Midt-Telemark kommune går sørover frå Oterholtvegen til Høibøvegen. Han er omlag 280 meter lang og utan fast dekke.

Haugvegen sett sørover fra Oterholtvegen.
Foto: Roy Olsen (2016).
Haugvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).
Haugvegen sett nordover fra enden.
Foto: Roy Olsen (2016).

Vegen har namn etter eigedomen Haugen/den tidlegare garden Kamperhaug (gnr. 53/9) og blei namnsett i 1967.

Eigedomar

Nr. Bilde Om eigedomen
1
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/115, «Solvoll»

Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1969. Kjøpt av snikkar Håkon Åsheim som sette opp huset i 1970.

3
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/117, «Landheim»

Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1968. Kjøpt av Bjarne Olai Grelland som bygde huset same året. Han var forstandar for Pinsemenigheta i Bø. Selde huset i 1977 til Arne Halkinsrud.

5
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/120, «Hagebø»

Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1968. Kjøpt av Arne Haukås som bygde huset same året. Haukås var organist i Bø frå 1968. Selde huset i 1981 til Per Oddvar Marheim Isaksen, tilsett ved TDH.

7
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/118, «Seltun»

Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1968. Kjøpt av Per Selseng som bygde same året. Selde huset i 1973 til heradskasserar Ketil Erikstein.

8
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/65, «Vestbø»

Utskilt frå Kamperhaug i 1951 og kjøpt av Halvor Skobba. Han sette opp hus her i 1975–76. Skobba dreiv kjøttforretning og slakteri i Bøgata 70 frå 1938 til 1970.

9
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/126, «Bjørnehiet»

Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1970 og kjøpt av Sven Ove Sebjørnsen som bygde huset i 1971. Sebjørnsen dreiv kafé Frøyatun for Williams A/S. Da han reiste frå Bø, tok dette firmaet over huset, som dei så i 1976 selde til Mari og Gunhild Lie.

11
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/41, «Hanto»

Eigedomen er utskild frå bnr. 8, Krosshaugen.
10.12.1936: «Hjemlet umyndige Eivind Høibø ifl. auksjonsskjøte.»
Skøyte dat. 11.05, grbf. 21.05.1943 frå Eivind Høibø til Olav Flåtin for 1750 kr.
I 1967 (skøyte datert 01.04) kjøpte Olav Selseng denne eigedomen og bnr. 42 «Hanto» av av Anne Flåtin. Sistnemnde blei lagt til bnr. 41 i 1968.
Olav Selseng flytte frå bygda i 1972 og far hans, Per Selseng, overtok eigedomen. I 1979 selde han eigedomen til Per Mangset og Berit Ryen Mangset.

 
Foto: Roy Olsen (2016).
Gnr. 53/9, Kamperhaug

Blei skilt ut ved delinga av prestegarden i 1889. Låvebygning og eldhus på eigedomen. Stugubygningen, nr. 13, på hi sida av vegen med eige bruksnr. 14. Sjå der for meir info.

13
 
Foto: Roy Olsen (2016).
Gnr. 53/14, «Haugen»

Salmakar Olav Skjelbreihaugen kjøpte den vesle eigedomen frå Høibø bnr. 4 og sette opp stugubygningen. Etter han, overtok Gunnar Kamperhaug som hadde eigedomen over vegen, Kamperhaug, bnr. 9, og såleis blei Haugen husestad for denne. Gunnar sette opp uthus.

15
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/110, «Vestbø»

Utskilt frå bnr. 21, Høibø nordre, i 1965. Heimel, Guro Høibø.
Skjøte av 21/8, grbf. 31/8 1971 fra Guro Høibø til Hans G. Nes på d.e. og bnr. 111.
Eigarar frå 1988 Sjur Ajer og Anne Kristin Sortehaug.
(Opplysningane over er frå grunnboka.)

16
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/142, «Venhaug»

Utskilt frå bnr. 9 Kamperhaug, i 1979 og gjeven til Liv og Arvid Thors. Dei bygde huset i 1980.

17
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/119, «Solheim»

Utskilt frå bnr. 41, «Hanto», i 1967 og kjøpt av Harald Grave. Torleif Grave kjøpte tomta i 1974 og sette opp hus der.

18
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/77, «Løkka»

Utskilt frå bnr. 9, Kamperhaug, i 1954 og kjøpt av snikkar Halvor O. Kasin som sette opp hus same året.

19
 
Foto: Roy Olsen (2024).
Gnr. 53/21, Høibø nordre

Utskild frå bnr. 4 i 1910. Stugubygningen blei sett opp i 1911. Eivind Eivindsson Høibo budde og hadde verkstaden sin her til han i 1918 tok over Høibø. Nordre Høibø blei så i 1920 overdrege til Guro Høibe. I 1920-åra budde elles Olav E. Høibø her, og heradskasserarkontoret var då på dette Høibø til han flytte til Krosshaugen.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Endring av veinavn i Bø og Sauherad. Møte i Fellesnemnda 31. januar 2018 (PDF)
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982
  • Arkivverket: Grunnboksblader


Koordinater: 59.42152° N 9.05413° Ø