Henrik Egeberg

Henrik Egeberg (fødd i Romedal, nå Stange kommune 19. mai 1882, død 31. august 1950) var småbrukar, redaktør og organisasjonsmann. Han er mest kjend for å ha vore med og stifta Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og for sin mangeårige innsats som sekretær, leiar og redaktør innan denne samskipnaden.

Henrik Egeberg
Foto: Ukjent.

Bakgrunn

Av utdanning hadde han mellomskule og/eller amtsskule, handelsskule og landbruksskule. I folketeljinga 1900 finn vi Egeberg som skuleelev i Elverum. Han losjerer hos amtsskulestyrar Halfdan Cock-Jensen på garden Fossmo.[1] Det danna seg eit livsvarig vennskap og fellesskap i fagleg interesse mellom dei to.

Småbruksengasjementet

I 1909 kjøpte Cock-Jensen småbruket Mailand i Lørenskog. Han og Egeberg dreiv bruket i fellesskap, og dei arbeidde det opp til eit mønsterbruk for småbruksdrift og smånæringar. Fram til Cock-Jensens død i 1923 dreiv dei ei omfattande kursverksemd der for småbrukarar.

I 1913 gjekk Egeberg og Cock-Jensen i bresjen og fekk skipa Norsk Bonde-og Småbrukarlag. Cock-Jensen vart vald til leiar, Egeberg til sekretær, som han i fyrste omgang var til 1918. I tidsrommet 1925-1933 var han leiar, og sidan igjen sekretær/generalsekretær for organisasjonen.

Egeberg og Cock-Jensen hadde alt i 1911 byrja å gje ut Tidsskrift for Smaabrug og Egne Hjem (seinare Bonde og småbrukar). Egeberg var medredaktør til 1922, og deretter eineredaktør fram til sin død. Frå 1937 hadde Småbrukarlaget overteke utgjevinga av bladet, medan Egeberg heldt fram som redaktør ved sida av generalsekretærstillinga.

Annan samfunnsinnsats

Egeberg sat i Landbruksrådet og Omsetningsrådet, og han var i styret for Norges Kjøtt- og Fleskesentral. Han hadde også ei rekkje andre verv innan landbrukesorganisasjonane. Dessutan hadde han kommunale verv. I Lørenskog sat han mellom anna som formann jordstyret og i bustadnemnda i dei vanskelege 1930-åra. I ein 60-årsomtale får han følgjande attest for dette arbeidet: «Det skyldes i høy grad hans dyktige arbeid at Lørenskog i dag [1942] kan framvise så mange smukke boliger og småbruk».

I 1945 vart Egeberg arrestert av Gestapo og sett på Akershus festning, der han vart mishandla så det gjekk ut over helsa. Det framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder kva som var bakgrunnen for forfølgjinga.

Forfattarskap

Egeberg har ved sida av Småbrukar-bladet publisert eit stort tal fagartiklar og fleire bøker. I 1915 skreiv han Samvirke: jordbrukets beste hævstang, som inngjekk i ein småskriftserie som Småbrukarlaget tidleg byrja gå je ut. Elles skreiv Egeberg mellom anna Håndbok for Norsk bonde- og småbrukarlags tillitsmenn (1935), og han laga 25-årsskriftet for Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 1938.

Referansar

  1. Henrik Egeberg i folketelling 1900 for Elverum herred fra Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker