Hesjevollen (Jostedalen)
Hesjevollen (Luster, gnr. 194/2, 3 og 11) er ei grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla på ei av dei største elveslettene i hovuddalføret. Den fyrste busetnaden kom på høgdedraget i sørenden medan den nyare busetnaden har breidd seg ut over flata.
Hesjevollen | |
---|---|
Hesjevollen - dei to eldste bruka (bnr. 2 og 3) | |
Rydda: | 1730-åra |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 194 |
Bnr: | 2, 3 og 11 |
Bruka og bustadene som utgjer grenda, høyrer til under matrikkelgarden Bakken. Hesjevollen høyrde til Kreken skulekrins fram til skulesamanslåinga i 1960-åra.
Busetnaden på Hesjevollen går attende til midt i 1730-åra då ein av dei eldste husmannsplassane i bygda vart rydda her som plass under Bakken. Hesjevollen var òg ein av dei fyrste plassane som vart utskilde og matrikulerte - det hende 6. april 1829 (som bnr. 2 under Bakken).
Hesjevollen vart brukt udelt og utan husmannsplassar fram til 24. mai 1876 då bruket vart delt i to jamstore bruk (bnr. 2 og bnr. 3). Den 12. august 1955 vart så småbruket Svabu (bnr. 11) fråskilt bnr. 2. Desse tre bruka utgjer i dag Hesjevollen, men i tillegg kjem eit titals tomter, dels med bustader og dels med hytter og feriehus. På den store elvesletta har dessutan fleire av dei andre bruka under Bakken parsellar med innmark.
I nordenden av Hesjevollen ligg ein fellesfjøs for sau, Jostedal samdrift. Fjøsen vart bygd i 2007, og her har fire jostedalsbønder kring 270 vinterfora sau i lag.
Spelemannen og biletkunstnaren Sjur Hesjevoll kom frå Hesjevollen.
Kjelder og litteratur
- Hejsevold (sic) i folketelling 1801 for Jostedal herred fra Digitalarkivet
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 371-419. (Digital utgåve, NBdigital)