Hetland prestegard (Stavanger gnr. 23)

Hetland prestegard (Stavanger gnr. 23) er ein matrikkelgard i Stavanger kommune. Garden låg tidlegare i Hetland kommune, og var òg der gardsnummer 23.

Hetland prestegard
Fylke: Rogaland
Kommune: Stavanger
Gnr.: 23

Det var i 1886 28 bruksnummer på garden.

Litteratur og kjelder

Hetland                                                                           

av Birger Lindanger

Kart frå nordre del av Hetland prestegard kring 1844. Kartet er henta frå Ætt og heim, 1972, s. 50

Ein gard og mange gardar                                                                  Som nemnd i artikkelen om Bispeladegård, omfatta garden Eiganes tidleg i mellomalderen truleg både Hetland og Bispeladegård. Innan dette området tyder land-namna på at både Våland og Bergeland har vore folkevandringsgardar. Prestegarden Hetland låg på ei halvøy som i nord, aust og sør grensar til Byfjorden, Gandsfjorden og Hillevågsvatnet. Mot nordvest grensa Hetland – heilt fram til 1848 – med 400 meter mot Skulebekken, bekken som renn frå Breiavatnet og ut ved Jorenholmen og som i dag ligg i røyr.

Vidare mot vest gjekk grensa i skråninga ovanfor Breiavatnet og sidan ein kilometer frå søraustre enden av vatnet og vidare mot Bispeladegård langs austhellinga Lagård kirkegård ned til Hillevågsvatnet. Frå dette punktet skifta garden til Hillevågsvatnet og fylgde dette vatnet ein dryg kilometer til Strømvik og Gandsfjorden. Attåt låg Store og Litle Marøy under Hetland. Heile garden omfatta kring 2000 dekar.


Grensegang anno 1724                                                                                   I 1724 vart grensene mot nabogardane gått opp av markegangsmenn saman med representantar for naboeigedommane. Dei starta ved naustet til Isak bakar der det låg to store steinar i eit steingjerde i åkeren. Austsida høyrde då til Hetland, vestsida til Hospitalet. Sidan gjekk grensa sørsørvest til steingjerdet ved tomta til Ole Olsen og vidare langs ein veg som skilde Hetland og Hospitalets eigedom  heilt opp til St. Petersgjerdet ved berget der eigedommen til Hospitalet enda.

Sidan gjekk grensa ned til ein stein mellom Bergeland og Kalvehagen og dinest over åkeren ovanfor Breiavatnet og vidare langs skråninga på austsida av  vatnet til ei grøft nær ein grøn haug ved enden av vatnet. Sidan gjekk skiftet over åkeren til ein annan grøn haug der det vart sett opp to skiftesteinar. Etter dette gjekk grensa i ein halvsirkel til eit hus som låg i skiftet mellom prestegarden og  stykket til kannikane som strekte seg langs austbreidda av Breiavatnet. Ho heldt fram langs eit gjerde til eit stort berg der eigedommen til kannikane slutta og Bispeladegården begynte. Kommungodset (link) til kannikane (link) låg då på vestsida og Hetland prestegard på austsida.

Skiftet mot Bispeladegården fylgde sidan den øvre kanten av berget til det vestre hjørna av eit steingjerde. Sidan gjekk skiftelina til ein stor stein dei kalla «Padden»  som låg ytst på berget straks ovanfor vegen til husa på Bispeladegården. Herfrå gjekk grensa i rett line sørsøraust til ein reist stein ved stranda av Hillevågsvatnet. Frå dette punktet gjekk grensa mot søraust i Hillevågsvatnet der prestegarden åtte land og sjø i den austre parten og Bispeladegården i den vestre ut til Strømmen og sidan langs sjøen aust, nord og vest til utgangspunktet. Til prestegarden høyrde også Store og Litla Marøy.

Hasselgarden                                                                                            Det opphavlege tunet til Eiganes, kan ha lege om lag der Domkirkeplassen ligg i dag. Her låg område som var best eigna til dyrking og med gode hamner nedanfor. Ut frå namnet er det rimeleg å rekna med at Hetland vart skilt frå hovudgarden ein gong i folkevandringstida. Namnet kjem av norrønt «hesli» som tyder «hassel» og «land» som tyder ein gardsteig. Såleis betyr Hetland «lende med hassel». I alt er det elleve gardar i Rogaland som har dette namnet medan det finst kring 470 land-namn.


Frå bronsealder til vikingtid: Fornminne                                           Også arkeologiske funn tyder på forhistorisk busetnad på Hetland. Noko nord for husmannsplassen Storhaug, på eigedommen Fremad, grov dei i 1852 ut ein gravhaug. Haugen var primært reist i bronsealderen ca. 1000 f.Kr. , men her fanst også ei sekundærgrav frå 700-talet e.Kr. Slik gravhaugen ligg til, kan det tyda på at det i tidleg mellomalderen kan ha lege ein gard på den seinare husmannsplassen på Storhaug.

Attåt har det ikkje vore gjort større funn innan Hetland: Ei steinøks som tyder på at det – som rimeleg kan vera – farta folk her alt i steinalderen. Vidare kan det nemnast eit par glasmosaikkperler, ein kvernstein og ei kvalrosstann. Dekorasjonen i Storhaugtunnelens opning mot Hillevåg er laga av kunstnaren Marit Aanestad basert på ei ryggknappspenne funne i Storhaug-haugen.

Også ved Ramsvig aust på halvøya fanst det framleis fyrst på 1900-talet restar av eit par gravhaugar. Her er det også funne nokre gjenstandar frå folkevandringstid. Det kan altså sjå ut til at det var busetnad på Hetland i folkevandringstida og vikingtida. Generelt veit me at det frå kring 550 e.Kr. skjedde ei omfattande avfolking av folkevandringsgardar i Rogaland.

Det er mogeleg at også Hetland låg øyde ei tid under Eiganes, men vart så busett att på 700-talet. Ved Godalen vart det funne ein sigd frå 700-talet, eit tydeleg teikn på åkerdrift.


Avlsgard for kannikane

Periodevis kan det sjå ut til at det i folkevandringstida låg fleire gardar på Hetland, mellom anna Bergeland i skråninga ned mot Breiavatnet, Storhaug og Hetland. Korleis dette enn var, ser det ut til at det berre var ein gard her i høgmellomalderen: Hetland.

Fyrste gongen Hetland vert nemnd i skriftlege kjelder, er i 1183 då biskop Eirik Ivarsson i Stavanger kalla seg «episcopus Hethlandensis», biskop av Hetland.[1]   Bakgrunnen for at han kalla seg slik, kan ha noko å gjera med at domkyrkja grensa til Hetland.

I høgmellomalderen høyrde Hetland som avlsgard til kannikane – krossbrørne – i Stavanger. Saman med Eiganes var desse to gardane eit prebende – det personlege underhaldsgrunnlaget – for ein kannik. Dei to gardane vart rekna som jamgode og hadde begge i 1590 ei landskyld på 48 spann korn.

Så nær byen som desse gardane låg, må me rekna med dei begge vart drivne som avlsgardar under kannikane. Det kan sjå ut til at det var vanskar med tilgang på arbeidskraft i perioden med pestane som fylgde Svartedauden. I alle fall klaga kannikane i 1529 over at folka deira drog frå byen og at dei sjølv måtte ut på jordene for å dyrka det dei trong. Dei måtte sjølv pløya jordene sine, som det heitte. Som årsak vart det skulda på pest og daude.[2]

Hetland vert prestegard                                                                           I 1537 vart både Eiganes og Hetland prestegard konfiskerte av kongen. I 1568 la han dei to gardane inn som økonomisk grunnlag for lagmannen i Stavanger. I 1577 fekk skulemeisteren i Stavanger, Hans Pedersøn, overta gardane. Då han døydde berre to år etter, vart Hetland og Eiganes overført til sokneprestembetet ved Domkyrkja.[3] I hundreåra som fylgde, heldt så Hetland fram med å vera avlsgarden til soknepresten.

Sidan, i 1590, vert det rekna opp at Eiganes og Hetland låg i Maria kyrkjesokn og at begge hadde to skippund (370 kilo) kornskyld. I den neste jordeboka, den i 1618, vert Hetland nemnd fyrst og Eiganes som øydegard under Hetland. To år seinare, i jordeboka Grågås, heitte det at Eiganes grensa til Bispeladegården og tidlegare vart bruka under denne.  Hetland var då avlsgard for soknepresten medan Eiganes utelukkande fungerte som slåtte- og beitemark under Hetland.

Korn og kreatur                                                                               I 1618 var det på Hetland 16 dekar åker der dei hausta fire – fem tonn korn. Når 600 kilo var lagt til sides til såkorn, var det att matkorn nok til å fø godt 20 personar. Buskapen var også større enn på dei fleste gardane då: 40 storfe og like mange småfe og dessutan fire hestar. Dette skulle svara til om lag fire gjennomsnitts bruk på Nord-Jæren.

Gjennom 1600-talet vart jorda teken godt vare på, og avkastinga låg i 1723 på ti fold mot seks - sju fold som var vanleg på gardane elles på Jæren. Når det galdt buskapen, var den stort sett sameleis i 1723 som i 1618.


Matrikkelen 1723

                             Utsåd          Avling         Hest              kyr               sau                                                                                                                             Hetland  presteg.   12 1/3                    123 1/16      3                  32                48                                                                                                                 St.Pedersgjerde       ¼                4 tn                                   3                                Bergeland               ½                3                                                                                                                         Kannik                     4                34 ¼            1                  6                    14

I 1750 var presten misnøgd med avlsgarden sin. I alle fall klaga Claus Winther i 1750 over at Hetland var så ring. På garden spadde dei kring 20 dekar, men i gode år gav ikkje åkeren  meir enn 6,2 fold. Det vil seia han avla 6,2 kilo korn for kvart kilo han sådde. Når han difor sådde 740 kilo havre og 65 kilo bygg, fekk han berre att 4 ½ tonn havre og 420 kilo bygg – ikkje stort betre enn i 1618.

Her fans mest ingen «herligheder» som skog og fiske. Buskapen omfatta 16 kyr og seks kalvar som gjekk ute heile året, også om vinteren i frost og kulde sidan snøen ikkje vart liggjande. Marka var overgrodd av mose med myrar som dei rett som det var laut trekkja kyrne opp or sidan dei var for svake til å komma or sjølv. Attåt fødde garden tre små og magre hestar og om lag 30 sauer.

Eit halvt hundre år etter, i 1802, hausta dei framleis kring fem tonn korn og heldt 16 kyr. Men det må leggjast til at det då på dei 31 husmannsplassane under garden føddes 30 storfe..

Førti år etter, i 1843, vart det rekna opp at garden heldt to hestar, 13 kyr  og 12 sauer. Her hausta dei kring fire tonn, for det meste havre og like mykje poteter. Åkervidda kan då ha lege på kring 20 dekar. Attåt kom buskapen som høyrde til på husmannsplassane slik at ein på heile prestegarden framleis fødde rundt 40 storfe.

Eit skur for tenestefolka: Gardshusa                                                                              Når ein ny sokneprest tok over prestegarden, vart det halde åbotsforretning – ei vurdering av kvaliteten på garden. Mellom anna vart det halde ei slik taksering i 1724 i samband med at Claus Winther tok over som sokneprest etter Jens Godtzen. Det heitte då at soknepresten ikkje budde på garden, men dreiv han med tenestefolk som budde i eit skur med eit tilstøytande kjøkken av bord og utan loft. Dessutan var det ei tømra kornbu under same tak. I tillegg hadde forgjengaren til Winther, sokneprest Ole Schjelderup sett opp eit bygg, «et aparte Kammer» for eigen rekning. Venteleg var dette som eit lysthus å rekna og enka etter Schjelderup bad om at det vart halde utanom forretninga.

Attåt var det på garden ei løe og fjøs til avlinga på garden. Desse bygningane låg nær der hetlandskyrkja sidan vart lagd og der prestegarden låg i nyare tid. Etter ei samla vurdering av kvaliteten til garden, kom takstmennene til at enka etter den førre presten laut betala 17 ½ dalar i vederlag for kvalitetsforringing av garden.[4]

Presten får seg bonde: Hans Rasmussen                                                                               I det heile var garden så ring at presten såg seg nøydd til å bygsla han til Hans Rasmussen Vatne. Som vederlag fødde bonden to kyr og åtte sauer for presten. Elles skulle Hans Vatne ta seg av prestens bøling som om det var Vatnes eigne og betala årleg 20 dalar i leigeavgift. Vidare fekk han berre ta torv til eige bruk og han måtte halda bygningane på garden i forsvarleg stand.

Det som det var mest hjelp i for presten, var at det fanst nokre husmenn på Hetland. Kvar laut dei årleg gjera to dagar pliktarbeid for presten og til saman yta presten ti dalar i festeavgift. Berre husmannen på Spilderhaug, gamle Rasmus Larsen, slapp pliktarbeid. Dessutan beheldt prestegarden sine rettar til fisket i Hillevågsvatnet.

Presten runda av klageskrivet med at om det vart lagt fleire tyngsler på garden, ville han ganske sikkert gå i øyde og berre verta brukt som beitemark for buskapen i byen. I lys av dette, tykte Winther det vart mykje å måtta betala 12 ½ dalar i presteskatt.


Ny bonde: Gunnar Eriksen                                                                  I 1748 var det nytt brukarskifte då Gunnar Eriksen Berge tok over bygselbrevet på 16 punkt. Nå laut leiglendingen halda fire kyr og åtte sauer for soknepresten og prestens buskap skulle gjetast i lag med buskapen til Gunnar. Dessutan skulle kvar husmann gjera to dagars pliktarbeid årleg hjå Gunnar. Om nokon av husmennene nekta, skulle det rapporterast til presten.

Sidan 1724 vart nokre bygningar forbetra og det kom nye til som presten let reisa på nye grunnar. Fyrst var det ei malt stove med eit kammer attåt og steinmurt kjellar under. Dinest var det ei smie med esse, belg og anna som høyrde til. Ved smia var det også ei murt kjølle til tørking og malting av korn i staden for den brannfarlege kjølla som før sto i sjølve prestegarden. Endeleg hadde han sett opp eit sommarhevdehus nede mot Spilderhaug der buskapen til presten kunne støla. Det vart streka under at desse bygningane høyrde til presten privat og fylgde ikkje prestegarden.

Den austre Hetlandsmarka sett mot Byfjorden i 1916. Til venstre i bakgrunnen Stora Marøy. Foto henta frå Arne Bang Andersen: «Historien om Østre bydel», s. 29.


Dei fyrste husmennene

Bergeland, Ruden og Hermannsdal                                                                       Etter 1620 og utover på 1600-talet er det etter måten lite informasjon om Hetland. Men garden vart då driven av tenestefolk og arbeidarar for soknepresten, men ikkje av leiglendingar. Dei fyrste husmennene tok til å dukka opp kring 1680, den fyrste på Bergeland. Denne husmannsplassen låg i skråninga ned mot Breiavatnet, om lag der Bergelandsgata går i dag.

I 1697 fekk Godske Godsen skøyte på Bergeland frå Else Antonisdatter som hadde arva stykket etter farfaren Jørgen Pedersen. Ut frå samanhengen er det altså tydeleg at Bergeland då alt hadde vore busett og driven i lang tid. Attåt kjøpte Godske om lag samstundes også eit anna stykke som heitte Bergeland av Anders Sandersen. [5]

Bergeland omfatta eigentleg eit noko større område i Hetland, men vart bygsla ut i mindre stykke: Ruden, Hermannsdalen og Blegevollen. Når då Torkild Simonsen i 1768 fekk festebrev på Bergeland, vart det gjort merksam på at dette ikkje omfatta Blegevolden og Hermannsdalen. I 1794 tok Rasmus Torgersen over Bergeland og sat framleis med plassen i 1825.

Når det galdt stykket Ruden, bygsla Guttorm Simonsen Bergeland stykket i 1791 og leverte det vidare til sonen Erik i 1825. Ein annan som i 1786 bygsla ein liten part ved Bergeland og ovanom Hermannsdalen, var Lars Svendsen. Plassen var liten og kunne snautt nok fø ei ku. Difor dreiv Lars som tømmermann ved sida av gardsdrifta. Då han og kona, Maren Einarsdotter, døydde, tok kjøpmann Tarald Bahr over plassen.


Paradis                                                                                                Paradis er nemnd fyrste gongen som ein del av utmarka til Hetland prestegard i 1686. Dette året vart det halde markagangsforretning mellom Bispelagården og Hetland prestegard der det mellom anna gjekk fram at Bispeladegården hadde for lite engslått. Tidlegare hadde biskopane leigd noko av Eiganes,  men nå kasta biskopen augo på Bispeladegården.

Forbod mot «Drikke og Spillehuus».                                                                                              Sist på 1600-talet ser det ut til at det tok til å slå seg ned folk på søraustbreidda av Skulebekken. Såleis heiter det i Skoskatten av 1711 at Hetlandsmarka på den andre sida av Skulebekken var benefisert soknepresten i Stavanger. Der budde det ein del folk i «Røghytter» - årestover på små festetomter mot å yta leigeavgift og arbeid. Dei slo seg til frå bygrensa og innover langs stranda. Eit døme på ein slik grunn, var den ti meter lange tomta Tore Svendsen festa på Berget – om lag der Petrikyrkja kom sidan.

Presten Claus Winther festa også bort fleire husmannsplassar. Alt same året han tok over Hetland, fekk Elling Torkelsson leiga ein husmannsplass på «Berget», det vil seia Bergeland. I 1732 fekk han attåt leiga eit mindre stykke av Kalvehagen på Berget. Elling laut betala åtte skillingar for stykket i Kalvehagen og dessutan gjeta buskapen ei stund på ettermiddagen. Vidare hadde han løyve til å ha ei ku på beite i marka.


Salpeterverket                                                                                       Denne Kalvehagen låg tett ved stykket på Salpeterverket som ein Tollak hadde festa ei tid før 1724. Sidan han budde så nær byen, kan det sjå ut til at ein del av levevegen var å driva eit slag vertshusverksemd. Presten rynka på nasen av denne verksemda, og då Tollak i 1758 let stykket gå vidare til svogeren Gunnar Ånenson, vart det lagt ned forbod i festebrevet mot å halda «Drikke- og Spillehuus», særleg på søndagar og heilagdagar. Tvert om vart Gunnar pålagd å freista å hindra alt slikt skadeleg. Kom han til kort, laut han melda frå til presten og elles leva «uforargeleg og stille i sitt Huus». Dette ser også ut til å ha vore ei fristande ekstrainntekt også for andre ved desse tider sidan ein slik passus vart teken inn i dei fleste festekontraktane.

Noko jordbruk har nok Gunnar drive. I alle fall fekk han i 1764 løyve å slå på ei lita myr mellom St. Hansvollen og Spillerhaugkjelva. Attåt fekk han same året ein del av Vardanesmyra mellom Digranes og Svorten, litt øst for Ramsvig,  venteleg til torvskurd.

Salpeterverket vart sidan kalla Verket. Det vart oppretta 1709 og den seinare Verksgata markerer kvar dette området strekte seg  - om lag frå Bakarbrygga til Strømsteinen. Det kongelige Salpeterverket var i drift under Den Store Nordiske Krig for produksjon av ingrediensar til krut. Då krigen slutta av i 1720, gjekk det og ut med verksemda til verket.

Stort sett var det slik at dess lenger ein kom ut frå bygrensa, dess større vart jordene og dess fleire kyr hadde dei i utmarka til prestegarden.  

Skrivarstykket                                                                                   Claus Winther festa også bort  plassar til tidlegare tenestefolk. Ein slik var Einar Svendsson som i 1729 gjekk ut av teneste hjå presten for i staden å busetja seg på Skrivarstykket ved vegen mellom Hospitalet og Spillerhaug. Her fekk han feste på livstid. I 1737 vart dette stykket utvida med to mindre teigar – den eine etter Rasmus Molaug og den andre etter Rasmus Larsson på Spillerhaug. Dessutan fekk også han noko av Varenesmyra i 1764.

I 1772 fekk Sven ta over Skrivarstykket etter Einar. Då han døydde i 1777, gifta broren Ole seg med enka og tok over festet på stykket.

Forstaden veks fram                                                                                 Ein annan bror, Eilif, fekk i 1772  ei anna tomt ved sjøen ved Bakarbrygga mellom huset til enka etter Bernt Heng og Sven Svensson skomakar.  Og Sven Skomakar hadde festa stykket sitt, åkeren Vådeland, i 1761. Etter at skomakaren døydde, gifta enka seg opp att med Tollef Nilsen og tok over festet på stykket i lag med han.

Også representantar for det høgare borgarskapet i Stavanger fekk seg tomter på Hetland. Ein av dei var storkjøpmannen Børge Valentin Rosenkilde som 1768 festa rydningsstykket Steingjerdet rett aust for Skulebekken. I 1810 tok sonen Peder over stykka Steingjerdet og Bakaråkeren, begge på drygt seks dekar for 266 dalar.

Ein annan sokneprest Winther festa tomt til, var Tollef Tostensen som i 1760 fekk ein «øde Grund» nedanfor vegen ved Bakaråkeren. Her hadde han lov til å setja seg opp hus mellom huset til Sven Murmeisters enke og Endre Hansen Rokkedreiar mot ei festeavgift på 12 skillingar årleg. Men han hadde korkje rett til å ta torv eller lyng til fyring eller halda dyr i beitemarka. Heller ikkje fekk han driva noko form for vertshusgeskjeft, men leva av ærleg arbeid.

Det er mogeleg dette vart for tronge kår for Tollef. I alle fall gav han alt året etter tomta vidare til Halvor Eriksen utan å ha sett seg opp hus.

Ein annan husmannsplass, var Marken. Denne husmannsplassen låg også i Verket og hadde beiterett for tre kyr. Midt på 1700-talet budde Henrik Eilertsen og frue her. Då han døydde, gjekk plassen vidare til svigersonen Rasmus Svendsen. Den etterfylgjande presten, Eilert Støren, meinte at ein prest ikkje kunne festa bort noko av gardens innmark lenger enn embetstida og kravde at stykket skulle falla tilbake til prestegarden. Dessutan skulle beiteretten innskrenkast til to kyr.

I dette området som vart kalla Forstaden  låg dei ganske små husa tett i tett, eit område som var prega av små kår. Staden vart skildra alt i 1796: Ved byen og knytt til byen låg den såkalla Forstaden på garden Hetland. Til saman vart det rekna opp 17 våningshus og fire sjøhus i området. [6]

Fyrste del av 1800-talet var prega av sterk byvokster, og kring 1840 låg det kring 164 sjø- og våningshus langs sjøkanten her. Sidan området låg utanfor bygrensa, var det ikkje organisert noko eigentleg gatenett her.

Typisk for dette området var også raske skifte av leigarar. Eit døme er plassen Uren ved Verket der Peder Pedersen hadde eit lite jordstykke og attåt litt åker. Då han døydde i 1782 let enka Halvard Svendsen ta over. To år etter gjekk festebrevet vidare til Sven Torkelsen som i 1788 let Nils Torsen ta over. Nils sat med stykket i tre år då Halvor og Berta Brevik flytta inn. Då Halvor døydde i 1798, gifta Berta seg opp att med enkemannen Nils i Vågen og heldt fram drifta av plassen i lag med han. I festebrevet heitte det at dei hadde rett til beite for ei ku i Hetlandsmarka. I leige skulle dei gjera to dagar pliktarbeid og betala 16 skillingar årleg.

Spilderhaug                                                                                               Som nemnt vart jordstykka større dess lenger ein kom frå bygrensa. Ein av dei større husmannsplassane, var Spilderhaug. Namnet skal tyda «haugen der dei underjordiske spela.»

Den fyrste som kom hit, var Rasmus Larsen frå Hommersåk kring 1705. Då han kom til Spilderhaug, var det einaste  bygget eit sauehus ved ein stein. Dessutan hadde meister Hans ved hospitalet rydda to – tre åkerflekkar. Elles fanst her ein låg steingard som så vidt hegna mot utmarka til prestegarden. Elles sette han opp nye bygningar, braut ny åker og sette opp innhegningar utan noka støtte frå eigaren. Spilderhaug  vart sidan verande i denne familien til midt på 1800-talet.

Husmennene: Mest til ulempe for presten?                                         Fram til 1801 slo det seg ned tolv husmenn og ein bonde på Hetland. Av desse var tre husmenn utan jord. Det vil seia at dei berre hadde festa sjølve tomta huset sto på.

Fram til 1812 vart det etablert to husmannsplassar til. I alt betalte desse husmennene 30 ½ dalar i årleg festeavgift og ytte attåt 37 arbeidsdagar. Sokneprest Støren meinte desse husmennene totalt sett likevel var til ulempe for han. Medan skatten hans årleg utgjorde 100 dalarar, fekk han berre inn 30 ½ dalarar i samla festeavgifter. Dei totalt 37 pliktarbeidsdagane kompenserte heller ikkje for utgiftene, hevda han.

Det største problemet var at alle desse husmennene fekk ha 46 vaksne storfe og to hestar i Hetlandsmarka. Når buskapen til presten kom attåt, vart beitet belasta med ein dobbelt så stor buskap som det var fôr til. Presten laut difor sommartid skaffa fôr utanfrå for å halda buskapen i live. Eit anna problem var at husmennene var i ferd med å tøma torvmyrene som i utgangspunktet vart rekna som brukande. På toppen av dette førte mykje steling til store kostnader for presten.

Marøy                                                                                                     Trass i denne kritikken, var det nett sokneprest Støren som i 1809 etablerte ein husmann på Store Marøy. Etter hans meining var det sløsing å la Store Marøy liggja utan bruk og busetnad og let difor husmannen Tore Hansen setja seg opp eit hus på øya. Der skulle han dyrka så mykje han ville og dessutan få driva øya kostnadsfritt dei fyrste fem åra.  Sidan skulle han betala presten ein dalar i årleg leige. Attåt hadde presten rett til å ha fem sauer på beite på øya.

Den store suksessen vart nok ikkje dette, alt i 1822 flytta Tore Hansen og familien i samband med at dei festa husmannsplassen Digranes, også den under Hetland prestegard. Det var ein plass som både var betre og låg meir sentralt til.

Ramsvik                                                                                                  Like søraust for Digranes låg også Ramsvik. Den fyrste me veit slo seg ned her, var Ole Eliassen midt på 1700-talet. Då han døydde i 1760, tok enka over. Ho gifta seg same året med enkemannen Elias Larsen Byberg og tok over festet på plassen. Vilkåret var at han skulle vera nøgd med dei innhegningane som var og ikkje måtte utvida grunnen til husmannsplassen og heller ikkje ha grasslått utanfor gjerdet utan løyve frå presten. Vidare hadde han rett til å halda maksimalt to kyr og fire sauer i den felles utmarka og generelt halda oppsyn med marka at ikkje uvedkomande tok seg til rette.

Han laut også godta at buskapen til presten kom og drakk frå kjelda straks utanfor gjerdet hans og hadde difor forbod mot å halda hund som kunne skræma kyrne bort.

I 1780 tok 45-årige Ole Torstensen og kona Anna Andersdotter over festesetelen på plassen. Han fekk utvida stykket med ei 57 meter lang myr og ein lyngmo som han skulle dyrka opp til åker og eng. Ved det skulle buskapen hans kunna utvidast til fem kyr med beiterett i den felles utmarka.  

Sidan fylgde Bjørn Åm som husmann og då han døydde i 1835 let sokneprest Gunder Langberg sonen og sjømannen Einar Holm Langberg og kona Johanne ta over plassen om lag på same vilkår som tidlegare, men utan beiterett i den felles marka. Mellom anna fekk Einar tre dagars pliktarbeid årleg på prestegarden. Etter at Einar døydde i 1845, sat Johanne som enke her i tre år til ho i 1848 overlet eigedommen til kjøpmannen Knud Helliesen for 1200 dalarar.

                           

Storhaug                                                      72 mål                                                                                                       Den neste husmannsplassen som vart skilt frå, var Storhaug i 1794. Stykket var 270 meter langt og 266 meter breitt, altså 72 dekar. Ynskje om å skilja frå Storhaug, var at stykket låg så langt frå tunet til prestegarden og at det i det området var store område eigna til dyrking. Fyrste husmannen her vart då dette året Sven Olsen Grødem frå Randaberg som fekk dette stykket for seg og kona i deira levetid. I fellesmarka fekk han halda ein hest og seks kyr og dessutan 10 – 12 sauer i  innmarka.

Han fekk på eigen kostnad setja opp dei bygningane som trongst på stykket, dyrka opp mark og gjera tre dagar pliktarbeid årleg på prestegarden. Attåt laut han ved høve gjera løna dagsarbeid.  Fyrste året fekk han fritt, men laut andre året betala ein dalar i leigeavgift. Sidan vart denne avgifta auka med ein dalar årleg til han etter sju år betalte seks dalarar. Denne avgifta skulle sidan vera fast.

Til å vera ein husmannsplass, var dette av dei større. Men koss det kan ha seg vart Sven og kona likevel ikkje sitjande lenge med plassen, alt i 1798 overlet dei det til Osmund Årsland og kona Malene Larsdatter som i sin tur, i 1827, let stykket dela mellom sonen Ådne og svigersonen Mads Tjerandsen Beier mot – noko som var uvanleg på ein husmannsplass -å få folge hjå dei resten av livet. Til saman skulle Ådne og Mads gje dei to gamle – dei var 56 og 58 år - kring 140 kilo rug, 438 liter poteter, fôr for to kyr vinter og sommar og tilsyn og pleie i alderdommen. Ådne fekk då den austre og Mads den vestre parten.


Austre Storhaug

Folgetvist                                                                                                      Ådne let etter berre fire månadar festet gå vidare til svogeren Nils Martin Laland og systera Johanne Magrethe og flytta med kona til eit kombinert bustad- og sjøhus på Verket. Men i 1829 oppsto det ein tvist mellom foreldra og dei unge. Dei gamle klaga nemleg over at dei unge ikkje oppfylte folgeansvaret sitt og kravde å reservera tredjeparten av sjøhuset for seg sjølv. Dei unge skulle difor berre få disponera stova  mot gata, stova rett ovanfor og tilhøyrande kammer medan dei gamle ville reservera ei stove og kammer for seg sjølv. Dei laut jo i det minste ha eit varmt rom å  kunna vera i. Dessutan skulle dei unge få 2/3 av sjøhuset. Dette ordna seg etter kvart, og eit halvt år seinare overdrog foreldra heile sjøhuset til sonen og svigerdottera.

Nils Martin og Johanna sat heller ikkje lenge med Austre Storhaug. Alt i 1833 let dei Ådne Årstad og Marta Jørgensdotter ta over. Då Ådne døydde i 1837, gifta Marta seg opp att med Lars Ommundsen Vold og fekk festebrev på same vilkår som Ådne Årstad. Det innebar mellom anna at dei over folgeansvaret for dei gamle.


Stein frå gravhaugen: Utskifting av husmannsplassane                                                                           Fram til 1838 vart begge delane av Storhaug meir eller mindre drivne saman. Men dette året var det halde utskiftingsforretning. Dei hadde rett nok kvar sitt hus, men felles brønn. Men nå skulle det gravast ein ny brønn til Marta og Lars medan Mads beheldt den gamle. Fyrst starta dei med Langemyr som vart delt i ulike teigar – alt etter bonitet – til dei to partane. Det same skjedde så med torvmyra Holmen medan Hetlandsmyra vart delt i to slik at den austre helvta gjekk til Austre Storhaug og den vestre til Vestre Storhaug. Straks ved bygningane låg ein stor gravhaug, Storhaug. Her fekk Austre Storhaug rett til å henta stein som trongst.

Året etter døydde også Lars, og Marta gifta seg opp att med bror hans, Tørres. Då dei fekk festebrev, heitte det mellom anna at dei vart forbodne å sperra vegen ned til Ramsvik.

Søknad om arvefeste                                                                             Heller ikkje Tørres og Marta var heilt nøgde med vilkåra for husmannsplassen. I 1847 søkte difor paret om arvefeste. I søknaden viste dei til at berre ein del av Austre Storhaug var dyrka. Og store steinar hindra det som var dyrka, til å dyrkast skikkeleg. I det heile var det så mykje store steinar på plassen at det ville føra til store kostnadar å sprenga og å fjerna dei. Skulle ein for alvor ta fatt, burde det som vederlag i det minste vera arvefeste på plassen. Og utmarksstykket som han ynskte arvefeste på, var så ringt at det berre gav eit dårleg sommarbeite. Fekk paret arvefeste, rekna dei  med at dei innan få år ville ha gjort utmarksstykket til åker og eng.

Denne søknaden vart ikkje tilrådd av soknepresten som meinte at prestegarden ikkje hadde meir jord enn det som trongst og at med tida burde fleire husmannsplassar leggjast under garden. Mellom anna var det på tale å skilja Frue sokn ut frå Stavanger soknekall og at Frue då skulle få eigen sokneprest. Dessutan var Hetland nett – i 1837 – delt frå som eigen kommune med eit ganske komplisert buoppgjer mellom dei to kommunane i etterkant. Dessutan førte førebuingane til byutvidinga i 1848 til ein del turbulens. Det vart difor tilrådd at saka vart utsett til ein såg nærare på verknadane av ei slik deling.


Byens fattigfolk                                                                                   Mellom anna heldt ein i samband med desse forhandlingane fram at mykje av byens fattigfolk hamna i Forstedene, dei bynære delane av Hetland prestegard noko som gav store kostnadar for Frue fattigkasse. Resultatet av utvidinga, var at Konventgrunnane, Pedersgjerdet, Blåsenborg, Verket og Rosenkildehaugen skulle overførast til Stavanger.

I samband med dette, vart det også laga eit oversyn over kva sjølve prestegarden var god for. Ein kunne då slå fast at presten disponerte kring 20 dekar åker som gav kring fire tonn korn og like mykje poteter. Buskapen var ikkje stort større enn på eit middels bondebruk: to hestar, 13 kyr og 12 sauer.  Dette er ein klar reduksjon sidan 1802 då prestegarden fødde to hestar, 16 kyr og25 sauer og år om anna hausta kring fem tonn korn.

Bygningane i prestegardstunet vart alle vedlikehaldne av presten. Det var eit hovudhus frå 1770-åra der den største stova var prestens private eigedom, det var løe, hestehus og sauehus. Driftsbygningane var alle ganske nye og vel vedlikehaldne.

Vestre Storhaug                                                                                      Som nemnt fekk Mats og Ingeborg Maria feste på husmannsplassen Vestre Storhaug i 1827 mellom anna mot å gje foreldra hennar folge. Problemet med festet då, var at det galdt berre i deira levetida, dei ville gjerne at festet skulle gå i arv. Produksjonen på denne helvta av Storhaug var elles at dei fødde to kyr og  hausta 900 kilo poteter.

Men paret tykte dette vart for lite å leva av, og i 1841 søkte dei både om arvefeste og også om å få utvida plassen noko. Mellom anna peika dei på at ein del av plassen var eit berg. Men grensande til plassen var eit 47 dekar stort utmarkstykke som var eigna til oppdyrking.

Paret fekk ein prokurator til å formulera søknaden som både sokneprest Langberg og prosten B. J. Flood støtta. Men prosten peika på at om ein støtta søknaden, måtte ein rekna med at også dei andre husmannsplassane under prestegarden ville søka om arvefeste. Han ynskte også ein plan for utviklinga av prestegarden og etterlyste eit oversiktskart som også kom eit par år etter. Til kartet fylgde også eit oversyn over bortfesta eller selde plassar under Hetland.


Jordavgifta 1803                                                                                       Avling         Hest             Kyr             sau

Hetland prestegård                    80 tn            2                  16+40              St. Pedersgjerde                    Eit lite åker- og engstykke tett ved byen.                                                                                                 Bergeland                                    3 tn            Ikkje meir enn som ein hage.                                                                               Kannik                                        40 tn           1                  10                                                                                   Lagård                                       70 tn.           2                  17                                                                                                                              Hillevåg                                     1 ½ tn                                        1                  4 Ullandhaug                                       100 tn.         2                  22                                      N. Tjensvoll                                   80   tn                    4                  16                20             Ø. Tjensvoll                                  100              2                  9                  15 Auglend                               60                2                  12                40

Bergeland: Hustomt og tomt som ein hage, fjell overkledd med jord. Guttorm Simonsen: 25 dlr.

Pedersgjerde: Prost Gjellebøl: 151 dlr.

Kannik:      Ikkje brensel eller sommarbeite. Totalt areal ni tønner eller 5,3 dekar. Børge Pettersen: 400 dlr.


Hillevåg: Ligger ved landevegen, tørr og tynn sandjord. Det meste av Hillevåg vart nytta som landstad av eigaren som budde i byen. Ein part på  1/12 laup nytta av Petersen, berre nake fjell, man han samle jord og la på. Den andre parten hans var ei steinet eng som snautt nokkunne fø to kyr. På dette bruket var det to møller og dessutan mindre kverner. Møllebruket var dyrt og gjekk framleis ikkje med overskot.  Michael Saxe: 200 dlr. Møllebygger Pettersen: 30 dlr.

Lagård: Ein husmannsplass under kaptein Klows part. Kaptein Scheel tok over sin part i 1798. Denne parten var då heilt udyrka, men han dreiv ivrig og dyrka det han kunne. Hest og  7 kyr. Stykket til Lytkes  var tidlegare ein husmannsplass. Hausta 20 tønner korn og ti tønner poteter, hest og fire kyr. Manglar torvskurd. Peder Klows part: 920 dlr., Wilhelmv.Scheel: 450 dlr. Hans Luijtkes: 151 dlr.


Hetland prestegard grensar til byen og har 31 grunnar og husmannsplassar som til saman fødde 30 kyr. Her var brukande torvmyr, men måteleg med utmark.  Hr. Gjellebøl: 1800 dlr.


Eiganes eller Stavanger bymark: Fram til 1771 udyrka, steinet og myrlendt lynghei. Den store mengda med stein utgjorde ein stor del av arealet sjølv om mykje var brote opp og nytta til steingjerde.    Om marka ikkje vart dyrka minst kvart tredje år, ville mosen aldeles ta overhand.


Ullandhaug: Ole Gabrielsen: 1200

Sju gode husmannsplassar. Nok torv og utmark,

N. Tjensvoll: Ole Olsen: 500 dlr, Reidar Olsen: 500 dlr.

Ø. Tjensvoll:        Peder Johansen: 500 dlr. Knapp torvskurd, lite utmark.

Auglend:    Ådne Nilsen, 1000 dlr. , To lyststader: Kristianlyst: 2 hestar, 12 kyr, Bruvik: ein hest, 10 kyr og 40 sauer.

Hindal:       Henrik Gabrielsen 400 dlr. , 20 tønner korn, 4 tønner poteter, 1 hest, 7 kyr, 24 sauer.


Oversyn over husmannsplassar under Hetland prestegard 1844

II. Kilen Kjøpmann T. Bahr Rett til ei ku i utmarka
III. Hermandsdalen Fru Bencke Rett til beite
IV. Bergeland Andreas Gitlesen Rett til beite for fire kyr og ein hest
V. Stykket Madam Garmann Beite for ei ku
VI. Stykket Jacob Svendsen Beite for tre kyr
VII. Konsul Rosenkildes eigedom. Kjøpt i 1810
VIII. Slaktar Thore Idzøes stykke Fire kyr + torvhus etter tilvising
IX. Endre Halvorsens stykke To kyr
X. Uren Even Olsen. Kjøpt i 1842. Beite for ei ku
XI. Marken Svend Olsen
XII. Verket Ole Olsen Beite for tre kyr og torvhus
XIII. Stykket Banen Malarmeister Cederberghs eigedom
XIV. Spilderhaug Ole Evensen Beite for sju kyr og ein hest. Torvhus
XV. Nygaard Reier Brynildsen Beite for to kyr
XVI. Nygaard Børre Brynildsen. Kjøpt i 1840
XVII. Lervik Erik Halvorsen Lervik utan beiterett
XVIII. Digernes med Marøy Peder Svendsen Pandevig Utan beiterett
XIX. Ramsvig Einar Langberg. Kjøpt i 1841
XX. Storhaug Tørres Ommundsen Beiterett for tre kyr og torvhus
XXI. Storhaug Mads Beier Beiterett for tre kyr og ein hest i lag med Tørres
XXII. Paradis Bull, kjøpt 1837

Sevald Simonsens kart, Ætt og Heim 1973, s. 100

Auksjon av 17 parsellar i 1850                                                                  Eit vendepunkt i gardssoga om Hetland prestegard fann stad måndag 22.april 1850 då det vart halde auksjon over 17 forskjellige partar av den dyrkbare utmarka til prestegarden. 28. august same året vart dei ulike parsellane skylddelte.                                              

Såleis fekk..                                                                                                                         Kittel Søiland eigedommen «Krossen»,                                                   Tore Eriksen «Østvigen»,                                                                                  Jonas Egeland «Egeland»,                                                                   Christian Johnsen «Berge»,                                                                        Rolleif Gillie «Gillieland»,                                                                        Peder Svele «Sletten»,                                                                                 Bernt Tønnesn « Fremad»,                                                                      Ådne Edland «Svingen»,                                                                             Bendix Aske «Midtjord»,                                                                              Ivar Ivesdal «Vestvig»,                                                                               Knud Helliesen «Bakken»,                                                                      Tollef Hetland «Solheim»,                                                                       Asser Tollaksen «Godalen»,                                                                                   J. A Køhler & Comp. «Strømvigen»,                                                          Asser Tollaksen « Sørnæs»,                                                                           Knud Helliesen feste på «Revedalen» og Ramsvighaugen»,                                                Peder Pannevig «Digernes»,                                                                        Erik Halvorsen «Lervik»,                                                                         Børre Nygaards utmark,                                                                         Ommund Bøe «Nybø»,                                                                         Andreas Gitlesen «Spilderhaug» og                                                                     Carl Nyman «Kjelvene»  og «St. Hansvolden».

Storhaug vart ikkje med i denne auksjonen sidan det framleis ikkje var avgjort om dei to eigarane skulle få arvefeste. Det skjedde fyrst i 1854.

Ei sentral referanse, er Sevald Simonsens artiklar i Ætt og Heim, nr. 1972, 1973 og 1975. 


[1] Diplomatarium Danicum, i, rk. III, nr. III og Odd Sandaker, Oslo, HT, s. 324ff, 1984.

[2] DN III, nr. 1121.

[3] NRR I, s. 606, 10/9 1568, II, s. 224-25, 6/7 1577, s. 266,  og s. 342.

[4] Præstegaarden Hetlands Besigtelse d. 25. april 1724.

[5] Pantebok IIa, s. 17.

[6] Lars Hess Bing, 1796, s. 655.