Idd og Marker fogderi
Idd og Marker futedømme tilsvarar det tidligare Idd og Marker len, og omfatta i lenstida Berg, Idd, Aremark, Øymark, Rødenes og Rømskog.
I samband med lensavviklinga i 1670-åra vart Skjeberg lagt til Idd og Marker frå det tidlegare Verne kloster len, og Rødenes og Rømskog vart overført frå Idd og Marker til Rakkestad futedømme.
Frå 1. januar 1842 (kgl.res. 25. august 1841) vart Hvaler, Borge og Torsnes overført frå Moss og Tune futedømme til Idd og Marker, og Varteig følgde etter frå 1876 (kgl.res. 27. november 1875).
Futedømmet vart nedlagt i 1912. Det bestod da av Hvaler, Torsnes, Borge, Varteig, Skjeberg, Berg, Idd, Aremark, Øymark
Kjelder
- Innleiing i katalogen for fogderier i Østfold Statsarkivet i Oslo.
- Nysæter, Egil: Norske arkivkatalogar, Riksarkivet 1992.
- Skattematrikkelen 1647, bd. 1 Østfold fylke, NLI/Universitetsforlaget 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket