Rakkestads fogderi

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Rakkestad fogderi)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rakkestad futedømme har bakgrunn i det konglomeratet av ei forlening som heitte Maria kyrkje prostigods og Rakkestad len, der Rakkestad var forlent saman med Mossedal (Hobøl), Vestre Bærum, Helgøya i Mjøsa og ei godssamling som frå katolsk tid var lagt til Mariakyrkja i Oslo. Frå 1678 vart futedømmet avrunda og omfatta Rakkestad, Degernes, Veme (dvs. Skiptvet og Spydeberg) Rødenes og Rømskog.

Etter 1696 vart futedømmet det meste av tida administrert saman med Heggen og Frøland futedømme (dvs. Askim, Trøgstad, Mysen og Eidsberg), og har tidvis heitt Rakkestad, Heggen og Frøland futedømme. Ved nedlegginga i 1912 bestod Rakkestad futedømme av Rødenes, Rømskog, Trøgstad, Spydeberg, Askim, Eidsberg, Mysen, Skiptvet, Rakkestad og Degernes.

Kjelder

  • Innleiing i katalogen for fogderier i Østfold, Statsarkivet i Oslo.
  • Nysæter, Egil: Norske arkivkatalogar, Riksarkivet 1992.
  • Skattematrikkelen 1647, bd. 1 Østfold fylke, NLI/Universitetsforlaget 1969.