Moss fogderi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Moss futedømme bestod i lenstida (fram til ca. 1660) av Råde og Svindal, og futedømmet låg under Akershus hovudlen.

Frå 1660-åra var det periodevis same futen som styrte Moss futedømme og Verne kloster len/futedømme, og seinare vart dette fast ordning. Verne kloster omfatta etter 1678 bygdene Råde, Rygge, Våler, Svindal og Hobøl.

Frå 1694 vart desse bygdene tillagde Moss futedømme: Tune, Glemmen, Varteig, Hvaler, Åbygge (dvs. Borge og Torsnes) og Onsøy.

I 1842 vart Hvaler, Borge og Torsnes overført til Idd og Marker futedømme, og Varteig gjekk same veg i 1875.

Moss futedømme vart avskipa i 1912. Det bestod da av bygdene Tune, Rolvsøy, Glemmen, Kråkerøy, Onsøy, Råde, Rygge, Våler, Hobøl og Jeløy

Kjelder

  • Innleiing i katalogen for fogderier i Østfold Statsarkivet i Oslo.
  • Nysæter, Egil: Norske arkivkatalogar, Riksarkivet 1992.
  • Skattematrikkelen 1647, bd. 1 Østfold fylke, NLI/Universitetsforlaget 1969.