Inessiv
Inessiv er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. Inessiv, som vi òg kunne kalle der-kasus, blir bruka om påstad. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -sne, og umesamisk har òg hovudsaklig -sne eller -sna. I pitesamisk, lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -n, sjølv om enkelteksempel på -sn kan finnast. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.
Dei norske adverba her og der har inessivisk funksjon.