Innlandet (Kristiansund)

Innlandet, populært kalla Tahiti, er det minste av dei fire «landa» som utgjer byen Kristiansund. Øya dekkar eit areal på 0,7 kvadratkilometer.

Frå det gamle bygningsmiljøet på Innlandet: Bryggja lengst til venstre er den gamle tollbua; det brunrosa huset rett til høgre for tollbua er Dødeladen. Til høgre for denne ser vi Tahitibrygga, Wirumhuset og Wirumbrygga. Det gamle sjukehuset bak til høgre. Delar av Furseth slip og mek. verksted i høgre bidekant.
Foto: Olve Utne (april 2010).

Innlandet grensar til Kirklandet over Sørsundet og til Nordlandet («Marokko») over Markussundet. Øya er knytta til Kirklandet med Sørsundbrua frå 1963 og med sundbåten.

Innlandet vart stort sett ikkje ramma av den tyske bombinga av Kristiansund i slutten av april 1940, og store deler av trehusmassen frå føre krigen er enno intakt.

Markussundet med Nordlandet til venstre og Innlandet til høgre.
Foto: Jan-Tore Egge (2018).

Innlandet var tidlare eit noe lukka og sjølforsynt arbeidarstrøk, men er no ein populært bustad for ressurssterke folk.

Namnet Innlandet er truleg knytta til plasseringa i høve til Kirklandet, som tidlegare vart kalla Ytrelandet. Sett frå sjøen ligg Innlandet inst av øyane i Kristiansund. Andre namn som har vore nytta er Henøya og Sørlandet.

Kulturområde

 
Fra starten av Skippergata på Innlandet, sett østover. I bakgrunnen del av Gomalandet til venstre og Nordlandet rett bak. Nederst i venstre hjørne er anløpstedet for sundbåten. Den store hvite bygningen til venstre er nr. 5 Kjønnøybrygga, ved siden av nr 1B, Den gamle toldboden og den lyse brune nr. 1A Dødeladen.

Delområdet Kristiansund Innlandet (K86), Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse strekker langs den nordlige delen av Innlandet, øst for Sørsundbrua og fjordlinja. Innlandet er en av få områdene i Kristiansund som har sammenhengende bebyggelse fra før bombingen under andre verdenskrig. Hovedvekten av bebyggelsen stammer fra 1700- og 1800-tallet.

Heinsagata ligg utafor kulturområdet. Mange bygg langs denne vegen vart rivd då den vart utvida og forlenga over den nye Sørsundbrua.

Innafor dette området ligger mellom anna to av byens eldste bygninger: Den gamle toldboden frå midten av 1600-talet og Dødeladen som blei oppførd som naust for Tollboden mellom 1730 og 1760, samt også Kjønnøybrygga frå midten av 1800-tallet, patrisiergarden Lossiusgården frå 1780 i Skippergata 15–17, Wirumbrygga og Wirumhuset som er byens einaste gjenståande kjøpmannstun og byens første sjukehus, i henholdvis Fiskergata nr. 6 og nr. 5.

Litteratur

Koordinater: 63.104061° N 7.733661° Ø