Ivar Høyem
Ivar J. Høyem (1843–1896) var ein lærar og sokneprest frå Byneset ved Trondheim i Sør-Trøndelag. Frå 1871 arbeidde han som lærar i Trondheim, og han fikk Cand.Theol.-graden i 1876.[1] Han gav ut to nynorske grammatikkar i 1880: Norsk mållære[2] og Ei lita mållære[3]. Som den eldre bror sin, Olav Jakobsen Høyem, kjempa han for ein nynorsk skriftnormal som låg vesentlig nærmare trønder enn kva Ivar Aasen sin skriftnormal gjorde. I 1883 vart han sokneprest i Bremanger prestgjeld. Under tida i Bremanger er han elles kjent for å ha stått ansvarlig for den første stillingsannonsen trykt på nynorsk (1885).
Liv
Iver Jakobsen Høiem vart fødd søndag den 24. desember 1843 av kyrkjesongar (Jacob) Høiem og Karen Olsdatter (Prestegaard) og døypt i Byneset kirkje søndag den 25. februar 1844.[4]
Ivar Høyem gifta seg med Susanna Dorthea Geitzler (1842-1929).[5][6]
Han dødde i 1896.
Verk
Norsk mållære og Ei lita mållære
Stillingsannonsen på nynorsk
Under tida i Bremanger er han kjent for å ha stått ansvarlig for den første stillingsannonsen som nokon gong var trykt på nynorsk (1885):
Lærarpost I Bremanger herad er ein lærarpost ledug. For tida 35 vekor. For dei 32 av desse 8 kr. veka forutan rikstilskotet (2 kr. veka), og for dei 3 av deim har læraren havt 40 kr. av riksmidlar. Fel desse 40 kr. bort, vert løna som for dei andre vekorne. Kosthald 3½ kr. veka i heile skuletiden. Omskjepnad og ombyte av skulekrinsom, likeso op- og nedgong i skuletiden maa læraren finne seg i. Skulen byrjer i haust. Sökjarbrev, skrevet til Bergens «stiftsdirektion», sendes til skulenemnden i Bremanger innan 1ste mai d. a. (1,92). Ivar Høyem[7] | ||
Av karakteristiske språklige drag kan vi legge merke til bruk av dativ både i eintal (i skuletiden, til skulenemnden) og fleirtal (skulekrinsom). Elles finn vi ein e-infinitiv (finne) som er foreinlig med kløyvd infinitiv, og bestemt form av sterke hokjønnsord har a-ending (løna). To trekk som utmerkjer seg i moderat, «aasensk» retning i annonsen i forhold til i mållærene hans frå 1880 er bruken av aa for å og bruken av endinga -orne heller enn -one.
Kjelder
- «Historisk lysing frå Bremanger kommune» på sidone til Sogn og Fjordane fylkeskommune / Fylkesarkivet
- «Høyem, Ivar» på Aasentunet.no
- Ivar Høyem i Historisk befolkningsregister
Fotnotar
- ↑ «Høyem, Ivar» på Aasentunet.no
- ↑ Norsk mållære (e-bok frå Nasjonalbiblioteket)
- ↑ Ei lita mållære (e-bok frå Nasjonalbiblioteket)
- ↑ Ministerialboka for Byneset
- ↑ Statsarkivet i Trondheim
- ↑ «Gnr. 13 Uteid» på Hamaroy.kommune.no
- ↑ Norsk Kundgjørelsestidende (nov. Norsk lysningsblad), måndag 25. mars 1885. Attgjeve her i avskrift frå scanna kopi på Sf-f.kommune.no