Kåre Urdal Bjelle
Kåre Urdal Bjelle (født 30. november 1911, død 18. desember 2015) var i 42 år skipsekspeditør i Sogndal.
Han var fødd og oppvaksen i Sogndalsfjøra. Då han var 17 år gammal, reiste han med skuleskipet Statsraad Lehmkuhl. Dinest var Bjelle ti år i utanrikssjøfart. Under den tyske invasjonen i 1940 var han med i dei norske styrkane som kjempa i Valdres.
Etterpå gjekk han handelsskule og byrja sitt lange virke som skipsekspeditør i heimbygda Sogndal. I samband med 104-årsdagen i 2015 vart han omtala slik i Aftenposten:
Jubilanten bur i dag på Sogndal omsorgssenter og set framleis pris på ein tur i Sogndalsfjøra, både for å minnast gamle dagar og for å vera oppdatert på kva som skjer. | ||
Bjelle døydde 18 dagar seinare.
Kjelder og litteratur
- Aftenposten, 30. november 2015 (104 år).
- Sogn Avis, 21. desember 2015 (dødsannonse).
- Kåre Urdal Bjelle i Historisk befolkningsregister.
På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene. Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten. |