Kåsabakken

Kåsabakken i i Midt-Telemark kommune går sørover frå Livegen ved Bø camping.

Kåsabakken med garden Kåsa.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen blei namnsett i 1996 og har namn etter garden Kåsa, som er nr. 22 og 24 i vegen. Dette var tidlegare ein husmannsplass under Framistugu Eika, og blei da kalla Hestekåsa. Innleggen er eit anna småbruk i Kåsabakken og har nr. 18 og 20. Dette var også husmannsplass under Framistugu Eika. Forutan desse to småbruka består busetnaden av seks einebustader pr. 2018.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band IV. Bø kommune 1986.


Koordinater: 59.44416° N 9.06653° Ø