Karl Herschel
Karl Herschel (1821/22–1891), òg kjend som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd asjkenazisk jøde som blant anna er kjent for å ha skrive boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for å ha debattert med blant andre Bjørnstjerne Bjørnson.
Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det daverande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifte han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytte snart etter til Göteborg. Derifrå flytte dei til Bergen eit par år etter, og med unntak av eit to års opphald budde Karl og familien hans i Bergen fram til Karl dødde i 1891.
Karl og Anna hadde desse borna:
- Leon Herschel, f. 1854 i Brody, forretningsmann og omsettar; gift med Mathilde Hansen, og eldste dotter deira, Augusta Herschel, var mor til Torborg Nedreaas.
- Rosalie Herschel, f. 1858 i Bergen; gift med Oscar Ourchudesh
- Fanny Herschel, f. 1861 i Bergen; gift med Leo (Leopold) Ourchudesh. Fanny dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
- Sara Herschel, f. 23. juni 1862 i Bergen
- Herman Herschel, f. 1865 i Bergen. Herman var fotograf. Han dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
- Ein son fødd i Brody — dødde ung
- Frida Herschel, f. 29. desember 1872 i Bergen
Verk
- Nyt Lys. De fem Mosebøger. Bergen : Udgiverens Forlag, 1884.
- Israelit : De fem Mosebøger. Efter Talmuds og andre Skrifters Forklaring. Bergen : Udgiverens Forlag, 1889. (Auka utgåve av Nyt Lys.)
Kjelder
- Karl Herschel i folketelling 1875 for Bergen kjøpstad fra Digitalarkivet
- Karl Herschel i Historisk befolkningsregister.
- Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.