Kjeldearkiv:1889-02-05 Brev frå Prestgard til Kleiven

1889-02-05 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 5.2.1889
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 51
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Seljord 5-2-89.

Kjære Ivar!

Ha meldt meg sjuk idag. Er so tjukk og grautut båd i hals og heile, at eg fær ikkje fram eit einaste skapte guds or. Difor skoftar eg. Og no ha eg siti heime hjå meg sjøl og freista lese både her og der og prøvt både med di og di; men nei – svinghjule står så stilt, at det lear seg ikkje. Sist banna eg for meg sjøl på, at eg vilde kvitte av meg noko brevskuld, no – eg var sjuk kor som var, og anten du trur meg held ikkje, so jaggu mi liv og sjæl ha eg ikkje brote ihop seks stykkje etter høgst dag. Men kva slags vare det vart, kan du vel so halvvore tenkja deg, når du fær høyra resten. –

Ikkje nok med di, skal eg tru, at alle hol og opninge som i kroppe på meg fins er attgrodde med krim, såledis at eg “udgjør en ganske kompakt masse”; men øyrverk au attåt; – høgre øyra er so fornagla, at det høyre ikkje meir held omn burtpå der. Og so tannverk!! Ja rett denna [...] jakslin. Jaggu flyg det flogo uppover ved vingstre auga og norover ogo vingstre øyra; – som dei skulde rispe meg med gloande syle og skjera meg med skjemde knive. Difor lyt eg, for an’kvar line eg les held skriv, upp og under gråd og tænders gnidsel, “reisa” rundt på golve og gjera mange slags tegn og underlege gjærninger. – Men no då eg, liksom lodsoldermand Seehus, er “slagen med byld og potteskår”[1] er det meg ei trøyst, at eg kan sopas med bibelspråk utaåt. “Der fan skjit, der skjit han i kok”, trur eg det heiter ein stad. Og det er so godt sagt av – den gamle kirkefader, – at eg hæse det uppigjenom halsstrype både tidt og trått. – Men ein lyt finna seg i lagnaden måta! (sukk) Eg ha berre av og til glåmt igjenom telegramspalta i Verdens Gang, Dagbladet og Stavanger avis, um eg ikkje skulde finna ein bulletin um hr adjunktens befindende; men eg ha hittil leitt forgjævis.

– Skal eg til å vera korespondent åt Ottdøle att no? Ja det kjem seg bitterde an på, ka dykk betale for kilometeren, det. Eg har nok til fleire prise, ettersom boniteten er til; men det kan vi no prute um ivår, når skulen er slutt, det. Dykk fær hevle test.

Bygdanyt er her ikkje stort røre um. Jau dei leik og skjyt sunn eit berg ogo Grave lell, som skal kjørast ned til Utgaren og leggjast til grunn for den nye skulen – held skulebygna’n da. Han skal reisast i sumar, bli tvidelt og tvihøg og stor pålag som kommunehuse, stå nørst i gare og kosta 5–6000 kr. Sundbø går her dagleg dags, skjyt på akslerne, krymta seg og er “direktør” og “instruktør” for steinkjørarom.

Det skal vel ta klem på Utgare, når dei fløt inn i nystugu. Men Gud veit, kor eg lenda, når det lir so langt. –

Og so spela vi Ervingen[2] på kom.huse eindagen. Det gjekk da likar held hin gong på Bjørge, endå Greger Lindstøl med di krokute kneom og krokute ålbogom sine ikkje dugde meir til skuesp. held ein ukse. Han var Hermann. Botten, som var Olav, klara seg vonoms, fordi han ha Bø-dragt. Men klærne spela meir held mannen. Anna Svejnson var Gunhild, og eg var Trond lest so. – Og no vil dei endeleg truske iveg med Hugvendingen[3] au, men eg vil no sjå ka slags krefte vi fær fyrst, eg. Det er hellest fakeol te greia, du, at det ikkje skal finnast noko nytt, lett og morosamt spelstykkje, som ungdom kunde øve seg på, der det er so mange ihop. Set deg ned og skriv ei tylvt, du. Ja, held vil ikkje du, so kan nok eg au, det er ikkje fordi ikkje.

Men han Per Sivle montru? Ja stakkars Per! No då eg såg V. G. og Dagbl. låg nyktest um han, kunde eg ikkje halda meg. Eg skreiv ein liten brevstubb åt ’om og “krafsa på samvittogheite” hans, som du sa; men eg ha ikkje høyrt dusti frå ’om meir eg. – No etter jol ha vi fikta med oldnorsk au på skula ein time held tvo for vika. Å, det er no rosine i pylsa det, måta, – men det nemnde eg kanskje førre gongen det?

Og uppi dalom kulast det, som det plegar. – Åsmundst. kom ikkje no til jol held? Farken te kropp! Men uppi Heiddale kjem dei seg brennande dø; for no har dei “kvindeforening” der. Jagguste laut eg både lægje og gråte i førvikun, da eg fekk eit brev frå ’n Kari Fjordungrein (ja bi no lite med eg fær hoste) Jau, dei har ei “kvindeforening”, og frøken Glømme er hugutree mea hr pater Gudbrand[4] er med og sit les av gamle mugne misjonstidende, og gjentun sit der stire ni fange sit og hekla og bitt og sauma alskens krimskrans. Inntekte av denne stasen skal delast rettferdeligen udi tvende parter; og den eine skal so gå til dei svarte sjælom nedpå Madagaskar og i Santhalistan; men den andre skal gå til “Guds ære og kirkens beprydelse” uppi Heiddale. – Ja er det ikkje mykje på fær, du!

Eg skreiv no attende og gav deim rein uppslo og ba dem sende fortenesta av kveldsetoarbeie sine normed Sjoli’n og ikkje åt Madagaskar. Rådd deim so til å husse presten og ho Pauline og Bjølstaden [...] og få nokon til å lesa upp løglege småreglo held inkort anna godt istanfor misjonstidende. Og rådde deim til å driva på med å hekle og binde men – bruke innkomste til å få seg eit lite godt bibliotek. –

Eg ha tenkt på det, sia eg høyrde, dei møttest til slikt jålsri, at det kunde likvel henda, ein kunde få med seg ungdom til ein kveldskule held inkort slikt – uppi Heiddale – um det eingong ikkje skulde falla noko anna for.

Um plads åt ’om Iver og ’om Pål ha eg no skrivi på alle 7 kante ni Danmark og ber alt til å vente på inkort svare. Anten eg skal kalle det “komisjonsforretning” held “misjonsforretning” veit eg ikkje; men “forretning” driv eg med å sende normenn åt D.mark. No har eg tri sendingo i verkom her frå Siljord: Madli Hakestad, Anne Nes og Gunhild Stav.

[...] Der datt sigilet mit nepå, og so er det best, eg sluttar dar da.

Men send meg no snart ein epistel att da!

Helsing åt deg og alle på Kleiven frå

Kristian

Fotnoter

  1. I Mennesker og dyr (1891) av Alexander Kielland, etter Job 2, 7–8.
  2. Songspel (1855) av Ivar Aasen.
  3. Skodespelet Ei Hugvending (1873) av Hallvard Hande under pseudonymet Steinvard.
  4. Kappelan Gudbrand Heggenhougen.