Kjeldearkiv:1901-07-29 Brev frå Prestgard til Kleiven

1901-07-29 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 29.7.1901
Stad: Decorah
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 120
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Decorah, Iowa, Olavsdag 1901

Gode gamle Ven!

Du set vel up eit Par store Augo no kan eg tenkja, naar du fær Brev fraa meg, som har tagt so lengje. Og det skal eg ikkje fortenkja deg i, for det maa vera paalag som aa faa Bod fra en Avliden.

Det er vel knapt ein Kveld i alle desse Aar, eg ikkje har tenkt paa deg og dei gode gamle Dagar derheime – for det er berre um Kvelden, etter det er myrkt eg har Tid til aa tenkja meg um – og eg vil ikkje skjota paa, kor mange hundre Gonger eg kan ha havt “Pennen i Haand” for aa skriva, men stødt er det vorte sett ut til næste Sundag og til næste. Det hjelp ikkje stort med det [sic] gode Viljen held, naar Tidi aldri rekk til; og av Tid blir det mindre og mindre, ser det ut til. Tilsist fær eg vel ikkje Tid til aa gjera det Guds skapte Slag.

Men det er no so som so med denne “store Taushed” au. Naar ingen høyrer ein Knyst fra meg, so har Folk ikkje betre Vit, enn dei sluttar aa skriva til meg au. Soleis blir eg liksom sitjande aaleine langt burti ein Trollheim og alle dei beste Vener, eg eingong vanka ilag med og alle dei Stader, der eg la att mit beste Liv, sviv liksom lenger og lenger burt fraa meg og glir inn i dette forunderleg heilage, som me ville Fuglar kallar Minnet. – –

Men Laurdag fekk [eg] Brev fraa Noreg – Gud veit, um det ikkje var det fyrste paa Aar og Dag. Det var fraa Ragnhild Stokstad, og millom anna var der au ei slags Helsing fraa deg, held rettar: ho ha’ treft deg ved Lalmsbrui ein Kveld, fortel ho, og eg fekk so mykje ut av det, at du ikkje reint ha’ gløymt meg enno. Og so tenkte eg som so: no fær det pinadø bli, dersom det idetheile skal bli oftare.

Sjaa no er eg alt paa god Veg. Men naar det blir Brev av det er ikkje godt og vita likevæl, for eg lyt ta det so i rykkjevis, ein Bit idag og ein i Morgo og ein næste Vika. Men naar eg fær kjørt meg reint fast, so klistrar eg att og sendar det, slikt det er. – –

Dette er fyrste Gongen eg vaaga meg ihop med Norsken sidan sist, eg skreiv aat deg; og det er mange Aar sidan no. Og so kan ein vita kva Slags Rot det blir, men eg vil ikkje eingong freiste aa gjera meg for; det skal ikkje vera noko Slags Finarbeid; kan du faa ut Meiningi av det, so fær me kalla det store Ting.

Det er ellest ein saar Flekk dette med Maalet – sidan eg likevæl er kome inn paa Maalprat. Her er det no ikkje tale um noko Slags Maal – berre babylonisk Maalrøre. Og det er underlegt med det: naar ein alder høyrer reint Maal, ikkje eingong kan bruka Heimemaalet til daglegt Bruk, og so alder har Tid til aa forma held støypa ein Tankje i det, so glir det unda det au, som alt det andre, og det som skulde falla let og mjukt blir tungt og stivt. Eg ha funne mange Ting i Engelsk, so eg skulde havt god Hug til aa prøva støypa um i Norsk so som Longfellows “Hiawatha”. Fyrste Gongen eg las denne underlege indianske Kalevala, tyktest eg heile Tidi aa høyra Duren av Versi paa Landsmaal. Og soleis med mange andre Ting. Men Herregud, naar ein ikkje eingong har Tid til aa snyta Nasen sin, um det trengs aldri so mykje.

Eg lyt nok nøygjast med aa gleda meg over alt det glupe, dykk fær gjort derheime. Du og Aasmundstad’n har gjort mykje Gagns Arbeid, ser eg. Eg ha lese Soga um Hanslid-Guten.[1] Dersom det nokongong er skrivi klassisk Norsk, so er det no vist der. Um ikkje stakkars Hanslid-Guten har gjort anna Gagn her i Verdi enn aa skaffe Vyrkje til den Sagaen, so borde ingen – og Dølerne minst – gløyma han. Og so den Skulesoga di, som eg las i “Dølen”.[2] Der har du reist Hans Pillarviken eit Minne, du har Ære av. Og meire enn det: retta noko som var rangt. Eg vart baade rau og fylin og harm, daa eg las um gamle Hans. Eg kjende han fyr berre som ein Tusilur, ein Raring, ein Nar, som kanskje mange af dei gamle Bygdeskulemeistrar paa den Tid var. Slik var han kome inn i Segni uppi Heidalen. Kvar Gong eg høyrde Namne hans nemnt, so var det mest for Laat og Løgje. Og stort betre Greia paa, kva som budde i han, og kva han var og han vilde, hadde dei vel ikkje paa Sel og Vaagaa held. Det var det, eg harmast over no, daa eg saag, kva Slags Kar Pillarvikjin var. So stilt og lognt du enn fortel det, so voks Hans, etter som eg las, og dei store, kloke Bønderne vart so smaa.

Av Blaom ha eg set, at du nyleg har skrivi noko i “Syn og Segn” – “I Kveldsetun”. Det har eg ikkje lese enno, for eg har ikkje faat det Hefte held dei Hefte af “S. og S.”, men Titelen lovar glupe Ting. Og kva har du i Verkom no? Ragnhild Stokstad fortalde, at du hadde fullt av Somarfuglar i Bønneslien, og det tek vel mest al di Tid og alt dit Arbei no um Sumaren, kan eg tru. Men so har du Vinteren, du! Daa maa du kunna faa gjort mykje. Ja, du fær gjera Greia for deg.

Og “Njaala” kom da endeleg au tilsidst. Den seige vinn. Umsetjingi er vist god. Eg ha flogje ho igjenom i Firsprang ein Gong og har ikkje faat Tid til aa glytta i ho sidan. Han (Aasmundstad’n) kjem vel snart med fleire? “Agla” og kanskje fleire? Men no blir det vel snart slik, at alle derheime baade i Bygd og By kan greia heile den gamle islandske Literatur i Grundtexten, og det var no det beste af alt.

Eg au skulde lestso fara baske med Sagaumsetjing ein Gong, veit du, og eg har vist eit Utkast til “Gunlaug Ormstunga” paa Vaagaamaal liggjande i Kista mi den Dag i Dag er – dersom det ikkje har lufsast burt. Ikkje aa venta, at det vart noko av held. Det var altid forlite Bjørk i meg, forlite Tiltak og Framferd til aa kunna faa fraa meg nokon Verdsens Ting – Ein ser so mykje og er so klok baketter, naar ein sit for seg sjøl og tenkjer seg um. – –

Hellest ser det ut til aa yra og spretta og gro i Maalsak og Norskdom over heile Noreg – kanskje serleg sidan B. B. for halvtanna Aar sidan “erklærede Krig”[3]. Sidan den Tid har eg klypt ut av dei norske Blaom alle dei beste og vegtugaste Innlegg i den Stria, baade for og imot, og klistra inn i ei Bok, so no har eg ei heil stor Krigsbok: “Det gamle Norge kontra det unge”. Soleis har eg nok havt mi Moro av Krigen, eg au, um eg ha staat aldri so langt utanfor.

For eg har eit nok so stort Vindauga, som vendar mot Noreg: tvo Fangor med norske Blad kvar Viku, meste ein Mann kan bera. Dersom eg ikkje det store Vindauga hadde, so veit eg ikkje, kor det gjekk. Det er vel slik, at naar ein liksom staar einsleg langt Dækeren i Vold burti Himmelrymdi og er kolna godt av, og ein so ser heimatt, so er det eit og anna, som tek seg annorleis ut enn fyr, men Moro er det no med dette vide Utsynet over Heimlande. Men det nyttar ikkje aa koma inn paa det, for so kjem eg ikkje ut at. Det kunde gjerast eit heilt Brev (med Storark) berre um dette Kapitel aaleine. –

Bønneslia, ja – og Staalan og Mæringsdalsvatnet – Herregud! I myrke Kveldar og Næter har eg gjort mang ei Ferd dit i desse Aari. Men eg fær vona, at snart kjem eg vel dit “in persona” au. Og daa fær me stemne inn Langskjeggen og mange andre gjæve Menn og Kvinnor og halda Statsraadsmøte som i gamle Dagar. Dette er Religion for meg, maa du vita, so du maa ikkje lægja. – Eg ber liksom til aa tykkja, eg snart har fortent ein Frisumar au no, men det er ikkje greit aa sleppa fraa. – Har du nokongong vore lengje inne i ein stor Fabrik med Tusen av rare Maskinor og Hjul og Blad og Reimar, som kvin og graserar og Folk med rare Fakter og likso rappe som Maskinerne? Det styrer og staakar og kokar og fræser. Alt ser meiningslaust ut, du forstaar lite held inkje af det heile, men det “farer en dansende Djævel i dig”[4] og manar deg til aa vera med aa gjera Uppstyr sjøl. Og naar du tilslut vinn deg ut og burt derfraa, lyt du setja deg ned og tenkja deg lengje um, fyr du finn att deg sjøl.

Puh! eit tungt Lignamente; men slik paalag vilde det vist vera for meg aa koma ut av Fabriken og kunna kvila ut ein Sumar i Jøtunheimen. – –

Hellest staar ingenting paa her, og me har det so koselegt, som nokon kan krevja. Kjem du ruslande innum her ein Kveld, skal du faa ein Støyt Kaffe, “sweet Corn” med Salt paa og ei Pipe ægte Virginia-tobak. Husrum er her god Raad paa, for me har eit heilt lite Slot med stor inngjerd Hage umkring. – Ja du veit vel, eg har Kjering? Trønder av Byrd, Far – og so tvo store glupe Gjentungar, rigtig Budeiemner, men so heiter dei au Margit og Gunvor. Og um Kvelden, naar eg kjem heim frå Kontoret, lyt eg danse Hopsa med dei ute paa Grasvollen held syngja Dølavisor aat dei, og Margit kan ropa “Hurra for Noreg!” so det syng i Veggjerne. – Men du kom vist til aa korsa deg over Maalet me brukar her i Huset. Me gaar og “taler med Tunger her”, som Aslak Lia i Rauland sa. Gud veit kva Slags “Morsmaal” Jentungarne fær. Kjeringi og eg driv no mesta med eit Slags Norsk, men Jentungarne, som ofte er ute og leikar med Granneborni, dei kjører med Engelsken, so det berre staar etter, det vesle Tyraset. Hellest blir det no mesta eit underlegt “mixtum compositum”, kan du vita. Eg har fundera mykje over dette Maa[l]spursmaalet for Gjentungarne si Skuld, men det maa no vel greia seg i Enden veit eg. Engelsk skal dei læra, medan det kjem liksom av seg sjøl, so dei slepp aa ha so mykje Kav og Stræv med aa kara seg over den fæle engelske Maalmuren, som Far deira hadde. Men dei skal pinadø læra Norsk au – baade gamal og ny – um eg sjøl liver so lengje. – –

Eg heldt i nokre Aar eit Par islandske Blad, “Fjallkonan” og “ Þjodolfur”, skulde liksom freista aa halda meg vaken, men for det fyrste er no ikkje Nyislandsk Gamalnorsk og for det andre fekk eg mest alder Tid til aa sjaa i dei. Og no har eg skrivi etter heile Smelta av “Islendinga-Sögur”. Fær eg ikkje stor Bruk for dei sjøl, so fær eg daa kara tilvegjes noko Vyrkje, som Jentungarne eingong kan faa Nytte av. Um Styr og Stel i Bladverdi her og Arbeidet mit i “Posten” kan eg ikkje koma inn paa, for daa tek det alder Ende.

Treffer du Ola Langskjegg i Sumar, so kjære deg hels. Eg skal prøva, um eg kan brøyta ihop eit Slags Brev til han med det fyrste. Og hels Iver, som eg høyrer er Kjøpmann ved Brui. Han hugser vel enno daa me laag paa “Jagt og Fiskeri” i Taulstadbu’n ved Flatningen og um Vinteren i Nybuom ved M. vatnet? Og hels Mor di og Paal og alle andre kjends Folk, du treffer, og seg dem, at eg enno er blandt “de levendes Tal”.

Og no fær du la Sommerfuglane dine greie seg som dei best kan ein Kveld held tvo, medan du fær sett ihop eit dugelegt Brev aat meg. Ver ikkje redd, at du har for store Ark, og at det blir formange av dem. Send gjerne med ein Bit Bønnesli, um du kan. Du veit, der bli Fest lengje her i Huset, naar det kjem ein Epistel fraa deg.

Eg tør ikkje sjaa over dette Rote, for daa tek eg til at retta og strjuka ut, og daa blir det ingenting att. Godnatt!

Din

Kristian

Decorah, Iowa,
U. S. A.

Fotnoter

  1. Syn og Segn 1896.
  2. Trykt i Gudbrandsdølen 31.1.1898–4.4.1899 og før det i Syn og Segn (1898).
  3. Foredraget "Maalsagens stilling i vort kulturliv" i Logen i Kristiania 23. oktober 1899.
  4. Frå diktet "Mindets magt" i samlinga Digte (1871) av Henrik Ibsen.