Kjeldearkiv:1928-04-06 Brev frå Kleiven til Prestgard

1928-04-06 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 6.4.1928
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 170
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 6/4. 28.

Kjære Kristian!

Vi har påskehelg med blenkjande sol så det glimar og glitrar kår du snur augo, det dryp tå takskjeggjom og ser ut te emne seg te vår – ein får likesom vårstemning i seg og kjenner namn tå te-tak i hugen. Difor fann eg på å skrive idag, endel[e]g – eg har nå ellest gått og verkt med brev åt deg i mange vikur. Det er “En sommer i Norge” eg vil få takke så hjerteleg for, som eg kan orke å gjera det! Desse varme, levande friske skildringor frå fjorsomaren i Norig og heimbygda, er ei storhending reint i våre dågå med di, dei grip alle både gamle og unge og vekkjer liv att i halvgløymde minner frå heimbygd og heimbygdskultur. Nettup ein tå siste dagom fekk eg brev frå ein 80 års gamal båndomsven[1] i Nord Dakota, og som gjætte her på Kleivsætra i 1865, han fortel, at han ikkje har skrivi eit brev heim på 13, 14 år og ber seg for, at det nå fell styggeleg tungt å skrive for honom, men etter di eg skreiv åt honom ivinter (for å få tak i eit fotografi tå far hans[2]) lyt han prøve, lel. Etter å ha nemnt nogre minner han ennå hadde halde fast på frå gjetla her i 65, skriv han såleis: “Jeg er meget hjemme hos eder i mine tanker og hele grenden med fjeld, li, stubber, sten, furu, gran, birk, fiskevand, veier, stier og stedsnavn. Vi gudbrandsdøler har en ypperlig beskrivelse av Hedalen av K. Prestgard i Dekorahposten, 36 års fravær, jeg tror du snakket med ham og flere til, som representanter for pressen, han glytet over alt, tog alt ind i sjæl og krop, deler det ud til os som ingen steds kommer, undres om du har posten – – –”. – ja du ser han ikje er nokon mester te å “daktere” hell bruke pennen, og at han dett reint under borde millom bokkritikere i teknik og vendingor, men dette er ein så god kritik, at eg tykte eg laut ta ’n med, ei uppkome av sjølve folkehjarta! Og på denne visen verkar sikkert desse hugtakande skildringarne og minne dine på alle norske og halvnorske i Amerika, og det er ikje å undrast over, men dei tek oss kanskje ikje mindre og opnar augo våre for det vi eig tå natur og gode minner. Meg har dei vore te den største hugnad og glede i heile vinter – eg stundar ikje ofte på avisune, men ivinter har eg stunda på Dekorahp. og kvart numer har eg tekje som ein sers godbit, etter eg har lagt meg um kveldane og var sliten etter stræve med Ringbuboka. Tusen slag takk!

Du er sjølsagt nødd te å gje “En sommer i Norge” ut som bok med gode bilæte, med ein god del innfletta minner attåt, (frå Danmark, frå Chicagoutstillinga o. m. m.). Her skulde vi nok havt døm på te-måta dølamål, men du skriv så norsk ein stil, at det har lite å seja og alle, antel det er norskmålsfolk hell “kolonister”, vil glede seg over arbeide. Men dryg det ikje ut. Meg har du vore altfor “rundhåndet” med, og, når boka kjem, lyt du slå tå 9/10, men det skal vi nok forlikjast um når tida kjem; eg har i dei siste 20 årom havt den ulykka, og vore “forguda” og lyfta langt, langt høgre uppi være, hell eg med retten har rokke te. Eg veit det har vore velmeint, men eg har au med otte kjendt, at pidestallen var forhøg.

På Kleivsætra er alt i sitt gamle gjenge, vi knuvla kår med sitt, likast vi kann; i desse dagom er det uroleg med påsketurister som er på ferd åt Jotunheimen og gjester, som ligg på sætrom omkring her i Bøneslien. Med mykje stræv og mas er eg endeleg kome så langt, at eg ventar å kunna byrje lesa 3 korrektur på Ringbu i dei fyrste dagom tå mai, og, at boka skal koma i handelen te jul, sikkert. Og så bli det sama stræve med søre og nørdre Fron.

Vi har havt ein harleg kald vinter, men det er svært lite snjog iår og fær vi eit 14 dagar med godver, kan det spøkje for berr mark. Siste måna’n har au vore kald, men det har vore så mykje sol her i fjelle stadugt, at vi likesom ikje har vist um kalden – mars er nå ei vakker tid i fjelle med høg himil, lett frisk luft og sol dagen igjenom, slik som det har vore iår.

Med hjerteleg helsing frå os båe tvo skal eg lova, å sende nogre ord att i neste månad med “veirmelling” og liknande!

Din Ivar.

No – værmelling: jaggu har vi radio heruppe sia ihaust! er det ikje fælt? næste år er det vel areoplan!

Du skulde vel ikje ved eitkvart slag te-felle ha høyrt, um son’n åt Torsonplassa, ’n Anders livi nokonsta i U.S? Far hans kjøpte vist kjæraste reinsrifla hans Jo Gjende[3] og tok ho med åt Amerika og nå arbeiest det for eit “Jo Gjende-museum” i bygda. Eg tenkte meg, at du kanskje reint ved tefelle kunde veta eitkvart um Torsonplass-folke, ’n Hans er sjølsagt longe sia dø.

Fotnoter

  1. Ole Knudsen Bråtå.
  2. Omgangsskulelærar Knut Olsen Bråtå.
  3. Hans Andersen Torssonplassen kjøpte rifla på auksjon etter Jo Gjende 21. mars 1884.