Klokkargarden (Fyresdal)

Klokkargarden, gnr. 36/1. Fnr. 1 under Moland prestegard.

Klokkargarden
Klokkargarden.jpg
Foto: Olav Momrak-Haugan (2007).
Fylke: Telemark
Kommune: Fyresdal
Gnr.: 36
Bnr: 1

På 1700-talet var Besjord klokkargard, men frå 1777 vart ei slette bortunder Klokkarhamaren tilvist klokkaren og dette vart ein husmannsplass under Prestegarden.

Den fyrste klokkaren var ved sidan av å vere kyrkjesongar i dei tre soknekyrkjene og skulemeister. Her på Klokkargarden vart den fyrste skulen i Fyresdal kommune halden. I 1869 vart så skulehuset Meinstad bygd på Meinstad som kombinera skulehus og bustad for klokkaren som og framleis var skulemeister.

Mykje tyder på at gardstunet fyrst låg nærare åskanten, men vart så flytta lengre ut på sletta. Bygningen, truleg med den gamle skulestova, vart bygd inn i den nye hovudbygningen på garden. Flyttinga vart nok gjort då Alexander Bugge skulle busetje seg der, men det vart det ikkje noko av. Stabburet vart flytta hit frå plassen Bukta på Vikstrånd ved Fyresvatn.

I 1915 fekk professor Alexander Bugge feste for 99 år mot ei årleg festeavgift på kr. 120. Dette festet tok landhandlaren Tjostov Jonson Kiland over i 1917. Han dreiv Klokkargarden og fekk i 1923 meir jord frå Prestegarden. Klokkargarden er i 2011 i privat eige.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Bringa, Olav Rand: Kor låg eigentleg den fyrste, faste skulen i Fyresdal? "Sjå deg attyvi". Fyresdal sogelag 2019. s. 69-77.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.