Konglevegen (Bø i Telemark)

Konglevegen i i Midt-Telemark kommune går i boge sørover frå enden av Venåsvegen i søndre del av Breisås bustadområde. Han er om lag 550 meter lang.

Konglevegen sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen blei namnsett i 2007. Busetnaden består av 20 einebustader oppført ca. 2010–2014.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.39986° N 9.07492° Ø