Kreken krins (Jostedalen)
Kreken er ein nedlagd skule og skulekrins i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to tidlegare skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem. Krinsen femnde opphavleg om alle gardane i Krekagrendi på austsida av Jostedøla, dessutan alle heimar under gardane Jostedal prestegard, Bakken og Bruheim. Krinsen grensa i nord mot Krundalen krins og i sør mot Sperle krins.
Endringar av krinsen og krinsgrensa
Krinsgrensa mot Sperla vart endra i 1915 då vegen gjennom Gardsgjelet og brua over Jostedøla ved Bruheim stod ferdig. Då vart Bruheim, Nes og hovudbruket på Jostedal prestegard lagd til Sperle krins. Jostedal prestegard (hovudbruket) og bruket Stegen nekta å følgje dette vedtaket, og i 1937 vedtok skulestyret at dei skulle førast attende til Kreken krins.
Kommunestyret vedtok i desember 1962, etter lang strid, å samle alle dei fem krinsane i Jostedalen, og det vart bygd ein ny sentralskule. Denne vart plassety på Bjørk, eit par hundre meter nord for gamle Kreken skule. Den nye Jostedal skule stod ferdig i 1968. Krundalen krins vart lagt ned i 1963 og elevane derifrå overførte til Kreken krins, som då unngjekk å bli todelt på grunn av fallande elevtal.
Skulehus
Kreken var den andre krinsen i Jostedalen som fekk skulehus etter at det kom krav om dette i skulelova av 1860.
Kreken skule
Skulehuset stod ferdig i 1885 på Bjørk, som låg midt i krinsen. Skulebygningen var ei gamal stove frå Bergset, truleg bygd i 1838, som vart flytt og ombygd til skulehus. Det vart innvigd 9. januar 1886 av sokneprest Wollert Johan Lyder Frich.
Gamle Kreken skule på Bjørk vart den fyrste tida òg mykje nytta til møtelokale for formannskap, kommunestyre og lag og foreiningar, så huset fungerte òg som kommunehus fram til 1907 då kommunen skaffa seg eit eige kommunehus. Tidleg i 1920-åra vart det arbeidd opp ein liten innhegna leikeplass ved skulestova. Dette var den einaste offentlege leikeplassen i Jostedalen fram til den nye Krundalen skule stod ferdig i 1958.
Gamle Kreken skule vart raskt for lite, og allereie i 1906 var det på tale å utvide den. Frå 1933 vart skulen tredelt, noko som etter elevtalet skulle ha skjedd mykje før. På denne tida vart "Nyestova" på Vamberg teken i bruk som skulestove for småskulen. Arbeidet med å få bygt eit nytt skulehus vart teke opp i 1937, men avbrote av krigsåra. Etter 1945 vart det ei viss tevling med Krundalen om kva krins som skulle få nytt skulebygg fyrst, og kommunestyret vedtok å byggje dei parallelt. Men i motsetnad til i Krundalen vart det mykje strid om plassering av den nye skulen i Kreken, og arbeidet vart òg hindra av sentraliseringsplanar for dei tre nedste skulekrinsane i bygda (Myklemyr og Sperle attåt Kreken).
I 1957 var det gamle skulehuset så dårleg at helserådsordføraren greip inn og stengde det. Det gamle skulehuset vart rive kring 2005.
Jostedal skule
Alle dei fem krinsane i Jostedalen vart samla i ein ny sentralskule på Bjørk, eit par hundre meter nord for Kreken skule. Den nye Jostedal skule stod ferdig i 1968.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Arkivet etter Kreken skule (1877-1974) på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Arkivportalen
- Øvregard, Kåre. 1996. Skulesoge for Luster kommune, skulen i Luster gjennom 250 år.