Kristian Torp Hansen
Kristian Torp Hansen (fødd 1862, død 14. juni 1919 i Kviteseid) var dansk landhandlar og høgskuleelev i Seljord. Kristian Torp Hansen's Landhandel i Kviteseidbyen blei starta i 1904. Han var frå Sønder-Jylland, og reiste derifrå på grunn av at området han var frå hadde vorte ein del av Tyskland etter andre slesvigske krig i 1864.[1]
Han var son av kyrkjesongar og lærar Jens Hansen og Elisa Allida Augusta Bekker.
Han vart gift med lege Martha Nordlid Hansen (f. 1876), som var dotter av sokneprest Kristian Magnus Olsen Nordlid (1846–1905) og Maren Karine Olsen (f. 1849). Dei fekk fem born, alle fødd i Kviteseid: Frode (f. 1907), Unn (f. 1909), Dag (f. 1910), Signe (f. 1912) og Kjell (f. 1913).
Referansar
- ↑ «Overlærar Berulvson» i Fædrelandsvennen 1934-06-30. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Litteratur og kjelder
- Dødsannonse i Dagbladet 1919-06-17. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Studentene fra 1896 : biografiske opplysninger samlet til 25-aarsjubilæet 1921. Kristiania. 1921. Digital versjon på Nettbiblioteket.
|