Krossvegen (Sauherad)

Krossvegen på Sauar i Midt-Telemark kommune var namnet på ein 250 meter lang veg som går nordvestover frå Sauheradvegen til Sauherad kyrkje.

Vegen fekk namnet Krossvegen i 1999. Sidan dette var den opphavelege vegen til kyrkja, blei namnet endra til Kirkevegen i 2009. Samstundes fekk vegen på Nordsida av kyrkjegarden, som het Kyrkjevegen, endra namnet til Prestegardsvegen.

I samband med førebuinga av samanslåinga av og Sauherad kommune blei det vedtatt i 2018 at Kirkevegen i Sauherad skulle opphøre sidan Kyrkjevegen også fanst i Bø. Vegen er no berre ein namnlaus sideveg til Sauheradvegen.

I vegkrysset ved Sauheradvegen sto tidlegare ei mjølkerampe for fleire gardar. Her var det ein samlingsplass for ungdom fram til kring 1960. På laurdagskveldane kunne det vere opptil 40 ungdommar her, også frå Bø, med traktorar, motorsyklar og syklar.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune: Utvalg for næring, plan og teknikk, 23. februar 2009.
  • Arbeidsliste veg Bø-Sauherad: 377639_1_A.pdf
  • Kulturminnesøk: Krossvegen.


Koordinater: 59.42036° N 9.28319° Ø