Kvann
Kvann (latin Angelica archangelica) er ei toårig plante som veks i dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland, Færøyane og Island. Det fyrste året har planta berre blad, og i det andre året får ho ei stamme som kan bli opp mot to meter høg. Planta har vorte nytta som krydder, urt og grønsak samt i folkemedisin. Kvannen er ei sentral plante i samisk historie og kultur.
Kvann | |
---|---|
Skjermplantefamilien | |
Fyrsteårsvekst av fjellkvann på Saltfjellet. Foto: Olve Utne (2012) | |
av 228 5x5 km-ruter | |
av 4680 km-ruter | |
av 445009 0,1 km-ruter |
I Gulatingslova nemnest kvanngardar, og planta er også nemnd i kongesogene. På Voss og nokre andre stader på Vestlandet har ein inntil nyare tid hatt kvanngardar på tunet. Stengel og bladskaft er gode som grønsaker og blir gjerne etne rå. Unge frukter og småblad er rike på C-vitamin, og ein finn også ein del C-vitamin i stilkane. Dette kan ha vore viktig for å førebyggje skjørbuk der ein har hatt lite C-vitamin elles i kosten, særleg i arktiske område. I folkemedisinen vart planta nytta mot forstopping og hemorroidar, som nerveroande middel og som vassdrivande middel.
Rota har vorte nytta som tobakkserstatning, medan fruktene har vorte nytta som krydder mellom anna i brennevin og likør.
Det finst tre hovudvariantar av planta:
- Fjellkvann, Angelica archangelica ssp. archangelica
- Vossakvann, Angelica archangelica ssp. archangelica var. majorum
- Strandkvann, Angelica archangelica ssp. litoralis
Galleri
Fjellkvann
- Fyrsteårsvekst av fjellkvann i vesthellinga mellom Davep Tjåhkkå og Saltfjellveien ved sørenden av Saltfjellet.Foto: Olve Utne (2012).
- Fyrsteårsvekst av fjellkvann i vesthellinga mellom Davep Tjåhkkå og Saltfjellveien ved sørenden av Saltfjellet.Foto: Olve Utne (2012).
- Fyrsteårsvekst av fjellkvann i vesthellinga mellom Davep Tjåhkkå og Saltfjellveien ved sørenden av Saltfjellet.Foto: Olve Utne (2012).
- Andreårsvekst av fjellkvann i Fatmomakke.Foto: Olve Utne (2012).
Vossakvann
Kjelder
- Kvann i Store norske leksikon.
- Kvann på Wikipedia på bokmål og riksmål