Lægreid skule
Lægreid skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Eidfjord kommune i Hardanger. Dette er den einaste skulen i kommunen og ligg sentralt i tettstaden Eidfjord. Elevtalet har i 2010-åra lege rundt 100; i skuleåret 2017/18 går det 99 barn og ungdomar på Lægreid.
Tidlegare var det fleire skular i Eidfjord, men desse er nedlagde. Simadal krins vart i 1963 samanslegen med Lægreid. Elevane ved Sæbø barneskule i Øvre Eidfjord vart etter skuleåret 2004/2005 overførte til Lægreid.
Lærarar
- Amund Folkedal, lærar ved Lægreid 1860-1892. Han var dessutan kyrkjesongar og vart i 1891 den fyrste ordføraren i Eidfjord herad.
Kjelder og litteratur
- Grove, Knut: Eidfjord 1891-2010 - frå fjord til fjell, Fagbokforlaget 2010, s. 56 og 241.
- Heimeside
- Opplysningar frå Eidfjord kommune, 13. september 2018.
- Skoleporten: Lægreid skule
Vidare lesing
- Tveit, Eva Marie og Line Ytrehus: Kvardagsminne Eidfjord 1900 - 1950, Eidfjord kommune 1977. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 23-29.
|