Lars K. Ødegaard
Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.
Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.
Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".[1] Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige.
Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna Hildur som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til Bjerringgården i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.
Ødegaard ga i 1925 ut boka Hallingdal i tekst og billeder på eige forlag. (Digital versjon på Nettbiblioteket).
Sjå også
Referansar
- ↑ Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge, s. 40
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Lars K. Ødegaard på Digitalt museum.
- Lars K. Ødegaard på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980
- Brev fra Hallingskarvet Frimerkeklubb 30.01.1995
- Hallingdølen 5.12.1996
- Norsk fotografisk tidsskrift 83(1997), nr 1, s. 38
- Lars Ødegaard i folketelling 1900 for Elverum fra Digitalarkivet.
- Lars Kristiansen Ødegaard i folketelling 1910 for Nes herred fra Digitalarkivet.
- Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 6 og 2 (Digital versjon på Nettbiblioteket).
- Hol kommunes nettsider. Besøkt 14/3-2013.
- Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge. Aventura, 1988. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hallingdal folkemuseum 1899-1999. Digital versjon på Nettbiblioteket.