Lars Lund Finckenhagen

Lars Lund Finckenhagen (1757-1851) var prest.

Han vart fødd i Hobøl i Østfold i 1757. Foreldra var Nils Finckenhagen og Christiane Lund. Faren døydde i 1795 som sokneprest i Løten prestegjeld, Hedmark. Lars Lund Finckenhagen vart i 1789 gift med Margrethe Christine Hammond (1772-1820), dotter til Thomas von Westen Hammond, sokneprest i Røros 1786-1797. Ekteparet fekk ni born, men berre fem levde opp.

Lars Lund Finckenhagen tok teologisk embetseksamen i 1779. I 1784 vart han utnemnt som personleg kapellan for soknepresten i Røros, før han fekk stillinga som sokneprest i Trysil i 1788. I 1792 vart han utnemnd som sokneprest i Surnadal på Nordmøre. I perioden 1805-1817 var han også prost på Nordmøre. Etter søknad fekk han i 1832 innvilga avskjed i nåde frå stillinga som sokneprest i Surnadal. Han mottok pensjon og fri bustad på garden Rindal, som på dette tidspunktet høyrde til Surnadal prestegjeld.

Finckenhagen var kjend som ein autoritær og stridslysten prest, og han kom fleire gongar i konflikt både med allmugen i Surnadal og dei overordna styresmaktene. Etter at han døydde, vart det sagt at han gjekk att og spøkte oppe i tårnet på kyrkja i Mo i Surnadalen.

Lars Lund Finckenhagen var valmann for Surnadal prestegjeld våren 1814. På distriktsforsamlinga i Molde 30. mars 1814 skulle dei 48 valmenene frå amtet velje tre representantar til Eidsvollsforsamlinga. Ein av dei tre valde vart prost Baade, sokneprest i Borgund. Då Baade sa frå seg valet til Eidsvollsforsamlinga på grunn av høg alder, var det Finckenhagen som stod for tur etter å ha kome nærast Baade i talet på røyster. Men også Finckenhagen trekte seg då han vart peika ut i staden for Baade.

Kjelder

  • Erlandsen, Andreas: Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift, s. 440-441.
  • Hyldbakk, Hans: Bygdesoge for Surnadal, bd. 1, s 352-499.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 305, 328.
  • Lars Lund Finckenhagen i Historisk befolkningsregister.