Lars Olson Bjørk
Lars Olson Bjørk (fødd kring 1758, gravlagd 23. desember 1789) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han gifte seg 24. april 1785 med Gunnhild Andersdotter frå Bjørk i Jostedalen, som hadde overteke noko av Bjørk etter faren i 1783. Ekteparet busette seg her, og Lars fekk skøyte på heile garden 9. mars 1786.
Lars O. Bjørk var son av klokkar Ole Anderson Åsen, og han overtok sjølv klokkarposten etter bror sin Anders Olson i 1781. Lars var klokkar til han brått døydde i 1789.
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Anders Olson |
Klokkarar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Johannes Asbjørnson Hus |