Leif Løchen

Leif Løchen (fødd 30. mai 1921 i Vågå, daud 14. april 2011 same stad) var utdanna arkitekt, og ein pioner innanfor folkemusikkmiljøet som både utøvar, organisator, innsamlar og lærar.

Leif Løchen.
Foto: Faksimile fra Spelemannsbladet nr. 6/1969.

Liv og virke

I 1946 vart Løchen vald inn i styret for Landslaget for spelemenn (LfS) som sekretær. Han vart igjen valt til styremedlem i 1955, og satt til 1970 med dei siste to åra som formann.

Mellom 1946 og 1948 arbeidde Løchen hjå Norsk FolkemuseumBygdøy med bygningar. I løpet av dei to åra han var der la han også ned eit stort arbeid med å registrere og dokumentere instrumenttradisjonane i Noreg, noko som resulterte i ein større utstilling på museet samt fleire artiklar om eldre instrument. I samband med dette sendte han ut ei spørjeliste for Norsk Etnologisk Gransking om folkelege musikkinstrument som resulterte 162 registrerte unike svar frå heile landet. Etter si tid hjå Norsk Folkemuseum reiste han tilbake til Gudbrandsdalen og heldt fram med mellom anna registrering av eldre folkemusikkinstrument i nordlege delar av dalen.

Utmerkingar

Kjelder og litteratur