Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-09
Kleppfisk nynorsk eller klippfisk (nynorsk/bokmål) er salta og tørka fisk av torskefamilien. Det mest tradisjonelle fiskeslaget er torsk, men lange, brosme, hyse (kolje) og sei blir òg bruka. Kleppfisken er gjennomsalta, flattørka og pressa fisk og slik sett meir foredla enn tørrfisk, som ikkje er salta og blir hengt på hjell til tørking. Tradisjonelt har kleppfisken vorte tørka på kleppar (reinflekte svaberg), men i nyare tid er det vorte vanlegare å tørke kleppfisken i innandørs tørkeanlegg. Sist i 1680-åra slo den frisisk-ætta trondheimsborgaren Jappe Ippes seg ned ved Kråksundet i Aure kommune på Nordmøre og begynte tilverking av kleppfisk i stor stil. Les mer...