Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-48

Aure sett frå fjorden.
Foto: Nasjonalbiblioteket (ca. 1948-49)

Aure er namnet på den gamle sentrumsgarden i Sykkylven. I dag ligg den karakteristiske sentrumskvadraturen på grunn som tilhøyrde Auregarden. Det gamle klyngetunet er framleis intakt, med både våningshus og driftsbygningar. Sjølv om delar av det gamle sentrumsområdet er utbygd, er det framleis aktiv landbruksdrift ved fleire av gardane på Aure. Bø-garden er fortsatt i drift, og Overågarden har vore drive kontinuerleg sidan kring 1890. Gjennom generasjonane har det vore halde både kyr, hest, gris og sau på garden, medan drifta dei siste tiåra i hovudsak har vore basert på sauehald. Garden nyttar framleis både innmark og utmarksbeite, og representerer ein viktig del av den levande landbrukshistoria i Sykkylven.

Namnet har vore skrive på ulike måtar: Ewre i 1520, Ouffre i 1603, Offraa i 1606 og 1616, Ouffre i 1617, Oure i 1666, og Oure med Ullevig Engeslette i 1724. Garden grensar i sør mot Klokkerhaug, Nakkegjerde og mot Viks sætremark, i aust mot Haugset, i nord mot Grebstad, Hjellegjerde og Indre Fauske, og i vest mot Sykkylvsfjorden. Ei bukt av fjorden, Ullavika, går inn mot nordre delen av Aure, og Haubukta, eller berre Bukta, går mot søre delen på grensa mot Klokkerhaug.

Aureelva renn gjennom garden. Ho kjem frå Andestadvatnet. Nedafor Haugset er ho eit kort stykke grenseskilje mellom Grebstad og Aure, men renn sidan over Aure si mark til ho munnar ut i fjorden på sørsida av Ullavika.Les mer...