Luster sogelag
Luster sogelag i Luster kommune vart skipa i 1977. Laget vart oppretta fordi ein skulle i gang med bygdebokarbeid etter opptak av Luster bygdekvinnelag. Sogelaget er medutgjevar av Luster (årbok).
I 2019 var det 43 medlemmer. Det er ein tendens til at medlemmene blir eldre, og det er vanskeleg å rekruttere nye.
Hovudaktivitetar
Etter å ha arbeidd med ætte- og bygdesoga tok laget til med å ruste opp husmannsplassen Hestaskårane for informasjon og undervisning. Dette var eit svært krevjande arbeid for eit lite lag.
Luster sogelag har identifisert eit utal foto etter lokale fotografar der mesteparten no finst på Fylkesarkivet. Blant fotografane er J.R. Døsen, S. Brathole og S. Mo.
Publikasjonar
- Lokalhistorisk årbok for Luster, eit fellesprosjekt for alle tre sogelaga i kommunen. Boka kjem ikkje ut årleg, men når stoff og økonomi tillet det. Den fyrste kom i 1994, nr. 7 i 2016.
- Laget har vore skriftstyre for Gards- og ættesoge for Luster kommune. Utg. Luster kommune. 1984-
- Band 1: Øyane, Lars E.: Fortun sokn. 1984. XVII, 862 s. ISBN 82-991182-0-4. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 2: Øyane, Lars E.: Dale sokn I. 1986. XXI, 889 s. ISBN 82-991182-1-2. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 3: Øyane, Lars E.: Dale II og Nes sokn. 1987. XXIII, 918 s. ISBN 82-991182-2-0. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 4: Øyane, Lars E.: Gaupne sokn. 1991. XXI, 1070 s. ISBN 82-991182-3-9. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 5: Øyane, Lars E.: Jostedal sokn. 1994. XXII, 960 s. ISBN 82-991182-4-7. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 6: Joranger, Terje Mikael Hasle og Lars E. Øyane: Eikum ytre, Høgi. 2006. 1046 s. ISBN 82-991182-6-3. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 7: Joranger, Terje Mikael Hasle og Lars E. Øyane: Dalen, Fevoll. 2007. 1215 s. ISBN 978-82-991182-7-1. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 8: Joranger, Terje Mikael Hasle og Lars E. Øyane: Veitastrond. 2008. 733 s. ISBN 978-82-991182-8-6. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 9: Joranger, Terje Mikael Hasle og Lars E. Øyane: Hafslo I. 2012. 1041 s. ISBN 978-82-991182-9-3. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 10: Joranger, Terje Mikael Hasle og Lars E. Øyane: Hafslo II. 2013. 1103 s. ISBN 978-82-997726-0-0. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 11: Joranger, Terje Mikael Hasle og Lars E. Øyane: Solvorn I. 2016. 771 s. ISBN 978-82-997726-1-7.
Leiarar
- Henrik Røneid
- Trygve Skjolden
- Geirr Vetti
- Bjørg Hovland
Andre sentrale personar
- Torunn Løne Vinje: prosjekt/søknader
- Trygve Martinussen: praktisk arbeid
- Ragna Aud Leirmo: rekneskap
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).