Mads Wiel Gedde

Mads Wiel Gedde (født 25. februar 1900 i Oslo, død 2. mai 1967 same stad) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden 1923 - 1967.

Han var utdanna ved NTH i 1923. Han var assistent hos Lars Backer 1923-25 og Hans Backer Fürst 1925 - 1932. I 1932 starta han arkitektfirma saman med Dagfinn Morseth.

I 1940 tegna han «Svenskhusa» saman med Dagfinn Morseth og Gunnar Øvergaard Jørgen. Svenskhusa (eller «svenskehusa») er elementhus produsert på ulike ferdighusfabrikkar i Sverige. Dei vart innkjøpte med medel frå Nasjonalhjelpen, men også med gåver fra Sverige. «Byggnaden uppfördes med bidrag av Svenska folket 1941», står på ein plakett som framleis finst på nokre av husa. Det fins «Svenskebyar» i samtlege gjenreisingsbyar, men svenskhus fins også utanom gjenreisingsbyane, mellom anna på Vestbysletta i Groruddalen, like ved Groruddalen skole. Sjå òg artikkelen om svenskehus i Oslo.

Utanom gjenrerisingsbyane er Morseth og Wiel Gedde mest kjend for å ha tegna A/S Per Kure, Frydenbergveien 48, Hasle 1945. Lillestrøm kirke (1935), Jar kirke (1938-1961) boligområdet Etterstad for OBOS, Oslo (1947–51), Notodden kirke (1932) Stokmarknes sjukehus, Drammen sjukehus, Harstad rådhus (1953) Rana sjukehus (1964).


Kilder og lenker

Eksterne lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.