Margit Alida Hegelstad (1911–1997)

Margit Alida Hegelstad (fødd 13. oktober 1911 i Bjerkreim, død 15. mai 1997 i Stavanger) var gardbrukar og sjukepleiar. Under andre verdskrigen vart ho arrestert for motstandsarbeid.

Frå venstre syskjena Margit Alida, Astrid Jørgina og Otto Hegelstad framfor driftsbygningen på Lille Svela, kring 1965.
Foto: Ukjend

Slekt og familie

Ho var dotter av gardbrukar Ole Olsen Hegelstad (1867–1927) og husmor Anna Johanna Hegelstad (1874–1953). Ho var det niande bornet deira, og den tredje som fekk namnet Margit.

Sjølv vart ho ikkje gift.

Liv og verke

Då ho vart fødd hadde familien kort tid før flytta til gardsbruket Lille Svela i Bjerkreim. Faren hadde tidlegare vore arbeidar, og i 1910 var han krøtterhandlar i Sandnes. Margit vaks opp på bruket, der faren døydde då ho var seksten år gamal. I 1942 tok Margit over drifta saman med broren Otto Hegelstad (1901–1980) og systera Astrid Jørgina Hegelstad (1903–2000). Ved sidan av gardsdrifta var Margit Hegelstad óg sjukepleiar, og arbeidde ei tid i heimesjukepleien.


Under krigen vart ho involvert i motstandsarbeid. Saman med sine to syskjen på Lille Svela var ho med på å gøyme flyktningar som skulle sjøvegen til Skottland. Den 29. november 1944 hadde Gestapo ein stor razzia i bygda. Bakgrunnen var ei liste frå Heimefronten som dei hadde fått tak i. Der stod namna på dei som skulle mobiliserast om det kom ein engelsk invasjon. Margit Hegelstad stod nok ikkje på den lista, men det var mistanke om at ho hadde gøymt flyktningar. Ho var difor arrestert og sendt til Stavanger kretsfengsel i Lagårdsveien. Der sat ho til 8. februar 1945, då ho vart overført til Møllergata 19 i Oslo med fangenummer 7044. Der vart ho sitjande til freden kom i mai 1945. Ni andre frå bygdefolket og sju som var på veg ut av landet vart også tatt i razziaen. Ei løe der dei hadde gøymd flyktningar på Svela vart skoten i brann.

I 1972 selde de tre syskjena garden og skilde ut ei tomt til nytt bustadhus.

Kjelder og litteratur