Martin Habostad

Martin Habostad (født 1874 i Sykkylven, død 1962) var lærar og amatørfotograf. Han flytte i 1900 til Kristiansand der han arbeidde som lærar. Han gifte seg med Elise f. Hansen frå Lillesand. Ho hadde tidlegare vore eleven hans.

Martin Habostad sitt måleri frå Kirkehamn på Hidra.

Ved sida av å vere ein ivirig fotograf, måla og teikna han. Han innreidde eit atelier i hagen der han budde i Kristiansand. Han måla mykje sørlandsmotiv, men henta og motiv frå barndomsbygda Sykkylven.

Søster til Martin Habostad, Hanna Fredriksen, var dugande i saum. Ho sydde mellom anna messehakelen i den gamle sykkylvskyrkja i 1953 på grunnlag av ei teikning frå broren.

Martin Habostad er representert med fotografi i Bygda og folket i farne tider av Jon Hole, Sykkylven, 1988.

Kjelder

  • Gardssoga for Sykkylven. Bd. 3, s. 307. Sykkylven 1987.
  • Jon Hole: Bygda og folket i farne tider. Sykkylven 1988.
  • Informasjon frå grandnevø Jan Fredriksen, Sykkylven, 2017.
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Martin Habostad på Digitalt museum.
  • Martin Habostad på KulturNav
  • Sunnmørsposten 01.12.1988.
  • Martin Habostad i Historisk befolkningsregister