Mikkel Larsson Bjørk

Mikkel Larsson Bjørk (fødd kring 1632, død kring 1700) var truleg frå garden Bakken i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Mikkel dreiv heimebruket i Bakken og ein del av Sperla før han vart brukar og leiglending på Bjørk der han budde livet ut.

Mikkel var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1693-1695.

Han gifte seg kring 1664 med Britha Pedersdotter, som truleg var frå Sperla. Dei fekk seks born i lag:

  • Kari Mikkelsdotter (1665-1698), gardbrukarkone på Bergset
  • Ole Mikkelson (1668-1717), gardbrukar i Bakken
  • Peder Mikkelson (f. kring 1670)
  • Peder Mikkelson (f. kring 1673)
  • Kari Mikkelsdotter (1675-1730), gardbrukarkone på Bruheim
  • Lars Mikkelson (f. kring 1678)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 424 (digital utgåve, NBdigital)