Musikk

Musikk inkluderer både song (vokalmusikk) og spel (instrumentalmusikk). Blant dei eldste musikkinstrumenta i Skandinavia er bronselurane, som hovudsakleg er funne i Sør-Skandinavia. Frametter mellomalderen og nyare tid har instrument som fløyter, harper, trommer, feler, langeleikar, klarinettar, trekkspel, gitarar m.fl. vore aktuelle instrument i folkemusikken. Kunstmusikk har det òg vore i Noreg — frå stadsmusikantar og kyrkjemusikarar i eldre tider til kammerensemble, symfoniorkester og musikkteater (inkl. opera) opp mot moderne tid.

Spelmannen «Espvik-Sanden» (Johannes Olson Valen, ca 1820–1909) frå AureNordmøre. Fela er av barokk type, medan bogen er av moderne type.
Foto: John Danielsen Bergfall (1822–1901)