Nordagutu

Nordagutu er ein tettstad i Midt-Telemark kommune (før 1. januar 2020 i Sauherad). Det bur drygt 300 personar der (2016).

Skulptur av Myllarguten på Nordagutu.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket
Nordagutu stasjon frå 1917.
Foto: Harald Dahlen/Norsk jernbanemuseum (1985–1990).

Nordagutu stasjonBratsbergbanen er eit knutepunkt mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen.

Stasjonen ligg på garden Nordagutu sin grunn. Det gjer også dei fyrste bustadhusa som blei sett opp i samband med jernbanedrifta og som blei bygde i lia ovafor jernbanelina og nedafor lina litt sud for stasjonen. Etter krigen, særleg på 1970-talet, er fleire bustadfelt komne opp i den solvendte lia ved Nordagutu stasjon. Felta har namn som Svevalia, Bjørnlifeltet, Kåsinfeltet og Vidsjåfeltet.

Nordagutu postopneri blei etablert på jernbanestasjonen som «Noragutu» i 1918 og endra til Nordagutu i 1921. I 1997 blei postopneriet lagt ned.

Det opphavlege namnet på staden var «fyrir norðan gǫtu», seinare Nordangqtu og nå Nordagutu, og tyder 'nord for vegen'.

Litteratur og kjelder