Nordbygdivegen (Seljord)

Nordbygdivegen i Seljord kommune går vestover som forlenging av Brøløsvegen ved Nyveg i sentrum til Bygdaråvegen (E134) i Nordbygdi. Han er 3220 meter lang og går i jordbrukslandskap. Fram til Hegnin har vegen gang- og sykkelveg. Dette var den gamle hovudvegen vestover før ny E134 blei anlagt utanom sentrum frå Vallar bru ved Bjørge på byrjinga av 1990-talet.

Nordbygdivegen ved Skjerve.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen har namn etter staden.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.48173° N 8.62126° Ø