Nutestulvegen
Nutestulvegen er ein hytteveg på Lifjell i Bø i Midt-Telemark kommune som går i båge sørvestover frå vegen Solskinsdalen og tilbake til same veg. Han er kring 550 meter lang.
Vegen har namn etter stulen Nutestul. Han blei namnsett i 2013. Drygt 20 hytter blei bygd her fyrst på 2000-talet.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bø kommune, Utval for plan, teknikk og næring sak 102/13.