Nyveg (Seljord)
Nyveg i Seljord kommune går søraustover frå skiljet mellom Brøløsvegen og Nordbygdivegen, fram til elva Bygdaråi. Herifrå går det gang- og sykkelveg vidare over Bygdaråvegen (E134) til krysset med Mosasida og Åsenvegen. Vegen er om lag 600 meter lang fram til Bygdaråi.
Til Nyveg ligg nokre næringsbygg, 11 einebustader, Granvin kulturhus, Jehovas vitners Rikets sal og garden Hegnin (gnr. 43/5).
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no