Orkdalen

Orkdalen (eller Orkladalen) er eit dalføre i Sør-Trøndelag. Dalføret følgjer elva Orkla frå Orkelsjøen i Oppdal i sør, gjennom Rennebu og Meldalen til utløpet i Orkdalsfjorden i Orkdal kommune i nord. Orkdalsfjorden er ein sidefjord til Trondheimsfjorden.

Utsyn over øvre del av Orkdalen i 2010
Foto: Arnfinn Kjelland

Orkdalen er til dels brei med buktandre elveløp og med gode jordbruksbygder frå Rennebu nedafor Berkåk og nedover. Den beste jorda finst nedst i dalbotnen og på avsette morenevollar og moar litt oppe i dalsidene, Lokalt blir desse moane kalla «jår», t.d. Holsjåren i Rennebu.

Europavegen E6 kryssar gjennom dalen i Rennebu, parallelt med Dovrebanen. Banen ble fullført her i 1921. I nedre delen av Orkdalen går Thamshavnbanen frå Løkken Verk i Meldalen og ned til Thamshavn ved Orkdalsfjorden. Banen vart bygd for å frakte kis frå gruvene på Løkken til vidare utskiping, og var m.a. viktig for okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Den trafikken vart avvikla på 1960- og 70-talet, men Thamshavnbanen vart oppstarta att som museumsjernbane på 1990-talet.

Bayard Taylor var ein amerikansk journalist som reiste inn i Orkdalen frå Dovrefjell og Drivdalen i sør i 1857. Han møtte «en uallminnelig pittoresk dal, som begynner helt inne ved fjellets fot og bukter seg nordover ... i dalbunnen med blomstrende marker på begge sider, og skogkledde dalsider som steg oppover til en bølgende og ujevn kontur mot himmelen.»[1]

Referanser

  1. Bayard Taylor, En reise i Norge i 1857, New York/London 1857, Frifant Forlag 2009, side 42.

Kilder


  Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Orkdalen» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.

Koordinater: 63.05547° N 9.61908° Ø