Peder Larsson Sunde

Peder Larsson Sunde (fødd 22. januar 1850, død 1937) frå Stryn i Sogn og Fjordane var lærar og stortingsmann. Foreldra var Lars Rasmusson Sunde og Marta Pedersdotter. Peder Sunde var seminarist frå Stord og lærar og kyrkjesongar i Stryn frå 1871. I Stryn var han i mange år medlem av formannskapet, formann i skulestyret og forlikskommissær.

Sunde var 5. vararepresentant til Stortinget for Nordre Bergenhus amt 1889-91 og 3. vararepresentant 1895-97.

Han var gift med Margrethe Tonning, dotter til stortingsmannen Arne Tonning. Frå 1890-åra dreiv dei Tonning.

Kjelder