Peter Munch Søegaard

Peter Munch Søegaard (fødd 1815 i Vågå, død 1881) var jurist og forfattar.

Sorenskrivarsonen Munch Søegaard vart juridisk kandidat i 1843, sorenskrivarfullmektig i 1845-53, og dommarfullmektig i Nordre Aurdal. Sidan vart han tilsett i departementet, og busette seg i Christiania. Men han hadde godt innsyn i bygdekulturen og tilhøva der, og i boki I Fjeldbygderne er òg Valdres sentral. Han skreiv også i Skilling-Magazin, ikkje minst skildringar av folkeminne og skikker i Valdres og Gudbrandsdalen, og han var ein varm tilhengjar av nasjonale minne, språk og soge.

Søegaard var gift to gonger, og fekk born med begge konene. Ekteskap nr. 2 var med Tomine Olivia Søegaard, som døydde før 1875.

Bibliografi

Kjelder og litteratur


  Peter Munch Søegaard er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.