Petrus (galeas 1896)
«Petrus» av Bodø var ein galeas som vart bygd i 1896 på Rosendal av Knut J. Skaale («Jøra-Knuten») for Johan Nygaard på Varaldsøy i Hordaland. Johannes Nygaard tok over «Petrus» i 1913 og selde til Alexander Iversen i Rønvika i Bodø same året. I 1916 kjøpte Johan Bertnes i Valosen skuta. Sonen Kaare Bertnes tok over skuta i 1935 og sette motor i ho året etter. «Petrus» forliste på Folla på veg frå Trondheim til Nord-Norge med bygningsvarer den 12. oktober 1969 etter at dekkslasta forskauv seg.
Petrus | |
---|---|
Egennavn: | Petrus |
Båttype | galeas |
Lengde | 84,9 fot |
Største bredde | 21,4 fot |
Bruttotonnasje | 86 |
Byggeår | 1896 |
Båtbygger: | Knut J. Skaale (Jøra-Knuten), Rosendal |
Framdriftsmidler: | segl (til 1936); motor (frå 1936) |
Kommune | Bodø kommune |
Opphør år | 1969 |
Opphør dato | 12. oktober |
Opphør sted | Folla |
Opphør årsak | forlis |
1896–1936: galeasen
Bygging, mål og kjenneteikn
«Petrus» vart bygd på Rosendal i 1896 for Johan Nygaard. Båtbyggjaren var Knut J. Skaale. Galeasen var kravellbygd i [treslag].
Etter målebrevet ([stad], [dato]) var «Petrus» seilskib takla som [fartøytype]. Han vart bygd på Rosendal i 1896. Kjenningsmåla i engelske fot var 84,9 (lengd), 21,4 (breidd) og 9,2 (djupn). Drektigheita var målt til 86 reg.t. brutto og 75 netto. Kjenningsbokstavane for «Petrus» var L.I.N.M.
Eigarskap
- 1896–1913: Johan Nygaard, Varaldsøy
- 1913: Johannes Nygaard, Varaldsøy
- 1913–1916: Alexander Iversen (1868–?)[1], Rønvika, Bodø
- 1916–1935: Johan Bertnes (1866–1940), Valosen, Bodø; overdrog skuta til sonen sin:
- 1935–?: Kaare Bertnes (1908–1975), Bodø
Mannskap og segling
Skipper i mange år var John Albert Utne (1862–1929).[2]
1936–1969: motorskipet
Bildegalleri
Fotnotar
- ↑ Kaptein og Gaardbr. Alexander Iversen i Folketeljinga 1910 for Bodin.
- ↑ «Galeas Petrus på Folla 1925» på Origo.no