Poul Christian Holbye

Poul Christian Holbye (fødd i Vardal 1793, død 1848) var jurist og samfunnsdebattant. I Vardal bygdebok[1] er det som openbert er same person, omtala som Paul Kristofer, fødd 1792.

Holbye var son av gardbrukar Jakob Hansen (fødd 1763) på By og Cecilie Nilsdt. Holbye (ca. 1771-1795). Mora var syster til sokneprest Holbye i Vardal. Etter at ho døydde, gifta Jakob seg opp att. Poul Christian tok sidan mora sitt etternamn. Han hadde to heilsysken og ni halvsysken. Foreldra og nokre av syskena er omtala i den handskrivne gardshistoria for Askjum i Østre Toten. Poul Christian Holbye døydde ugift.

Poul Christian fekk vidaregåande utdanning og tok preliminæreksamen i 1816 og norsk juridisk eksamen i 1823. Han var ei tid kopist i Statssekretariatet.

I 1836 gav Poul Christian Holbye ut det polemiske skriftet De formeentlige Aarsager til den norske Landmands uheldige Skjæbne siden Aaret 1814.[2] Ei hovudårsak til dei økonomiske vanskane gardbrukarane sleit med på den tida, meinte Holbye var mangel på «Brugskapital». Dette skuldast i stor mon offentlege avgifter, og Holbye går særleg til åtak mot embetsmennenes sportulering og det han meinte var unødige statsutgifter til mellom anna bygging av slott i Christiania, skipsverftet i Horten og sjøkrigsskulen i Fredriksvern. Han er sterkt kritisk til delar av skattelovgjevinga, ordninga av pengevesenet, brennevinslova og anna.

Holbye gav det same året 1836 også ut ein pamflett på 11 sider med tittelen Nogle Ord om 17de Mai og 4de November

Kjelder og litteratur

Referansar