Ryevegen
Ryevegen i Bø i Midt-Telemark kommune går frå Oterholtvegen på Oterholt, følgjer Bøelva vestover og endar ved gardane Storrønningen og Haug ved Sagahølen. Han er omlag 1 kilometer lang og går i jordbrukslandskap.
Vegen er kalla opp etter den kjende Rye-slekta og blei namnsett i 1996.
Kaptein Mathias Andreas Rye kom til Bø frå Ringerike. Han hadde fire søner. Waldemar var kaptein i militæret, Johan Henrik fekk stor innverknad i politikken, Olaf som krigshelt i Danmark og Johan Mathias eigde og budde på garden Otterholt (gnr. 21/1), som ligg ved vegen, frå 1831 til 1850. Han var bygdas ordførar frå 1842 til 1852.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Digitalt museum: Brødrene Rye