Ryggvegen (Bø i Telemark)
Ryggvegen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein kort blindveg som går austover frå Oterholtvegen på Langkåshaugen og er 120 meter lang.
Vegen har namn etter landskapsforma – han går på ein rygg i terrenget. Det ligg fem einebustader til Ryggvegen. Tomtene blei utskilt frå garden Kamperhaug, gnr. 53/9 mellom 1947 og 1950.
Eigedomar
Nr. | Om eigedomen |
---|---|
1 | Gnr. 53/57, «Haugtun». Utskilt frå Kamperhaug, gnr. 53/9 i 1947 til Anne G. Kamperhaug. Eigar frå 1978, Roar Fåne som sette opp hus kring 1979. |
2 | Gnr. 53/63, «Libø». Utskilt frå Kamperhaug, gnr. 53/9 i 1950 til Sveinung Aslakson Moen. |
3 | Gnr. 53/59, «Hauger». Utskilt frå Kamperhaug, gnr. 53/9 i 1949 til Erik E. Langkås. |
4 A–E | Same eigedom som nr. 2. Pr. 2020 prosjektert fleirmannsbustad med fem bueiningar. |
6 | Gnr. 53/179, «Gardsteig». Utskilt frå Libø, gnr. 53/63 i 1988 til Bente Lauvmo. Tomta hadde tidlegare nr. 4 og er pr. 2020 ubebygd. |
7 | Gnr. 53/58, «Nordli». Utskilt frå Kamperhaug, gnr. 53/9 i 1949 til Tollef H. Oredalen. |
8 | Gnr. 53/62, «Voll». Utskilt frå Kamperhaug, gnr. 53/9 i 1950 til Eilef E. Langkås. |
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bø Blad 24. desember 2020.
- Arkivverket, grunnbok.