Sørhalsnes
Sørhalsnes er ein matrikkelgard på innersida av Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Garden har to hovudbruk. I aust grensar garden til Ersvika og i vest grensar han til Hagan nedom Jørenvågvatnet, såvidt til Ljustad ved Jørenvågvatnet, og til Jørenvågen ovom Jørenvågvatnet. Namnet Sørhalsnes passar dårleg med lokal topografi, ettersom det ikkje er noko nes av nokon størrelse der. Men om ein ser på heile området, så kan ein seie at Sørhalsnes utgjer den «sørlegaste» (eigentleg vestlegaste) delen av området som grensar til lågfjellsområdet Halsfjellet, og som ein med ein slump velvilje kan kalle eit nes som inkluderer Sørhalsnes, Ersvika, Hals og Innersetra/Storsetra.
Sørhalsnes | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 202 |
Postnummer: | 6590 |
Bildegalleri
Saumerke for Ersvik og Sørhalsnes i Saumerkebok for Tustna.
Saumerke for Sørhalsnes, Hagan, Ljustad og Jørenvåg i Saumerkebok for Tustna.