Sandavegen (Bø i Telemark)
Sandavegen i Bø i Midt-Telemark kommune går vest- og nordover frå Vaskebergvegen i Grivimoen industriområde.
I enden er det traktorvegforbindelse til garden Sanda søndre (gnr. 45/2) som vegen har namn etter. Vegen blei namnsett i 1988.
Grivimoen industriområde ligg på Grivi mellom Valenvegen og Bøelva.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bø kommune, Teknisk utval, sak 13/88.